No kjem appen som fjernar ølkø og bartender
Danske studentar utviklar ein app for smarttelefonar som lèt deg bestille, betale og bli skjenka utan menneskeleg innblanding.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fjernar ølkø og bartender
Det spøker sjølvsagt både for alderskontrollen og sysselsettinga blant bartenderar dersom skjenkestadar her til lands skulle finne på å ta i bruk den revolusjonerande appen Ghostbar. Utviklinga av han er direkte framkalla av at søknaden frå ingeniørstudentane ved Aarhus Universitet om studentbar vart avslått, ifølgje Forskning.no.
Appen er kopla direkte til skjenkesystemet for fatøl, så du kan bestille, betale og få øl i glaset utan å involvere bartenderar, kontantar og ølkø. Og i Danmark er ikkje eit slikt heilautomatisk skjenkesystem utan barrpersonell teknisk sett ein bar. Det vil difor heller ikkje vere underlagt same krav til godkjenning.
– Dei fleste har opplevd å stå i kø for å kjøpe øl i baren fordi det avheng av personalressursar og tidkrevjande betaling. Nokre opplever også at ølet ofte blir servert i mengder som enten er for mykje av det gode eller altfor lite. Det er eit problem vi har prøvd å løyse, seier adjunkt Christian Dannesboe til nettnyheitene til universitetet.
Fleire bryggeri har meldt si interesse for Ghostbar-systemet – og tilbode studentane gratis øl mot å sjå korleis det verkar. (©NPK)