Naturfaglærarane Sylvia Vassnes og Ingvild Kannelønning prøver å læra elevane om kva ein kan gjera for å redusera klimautsleppa, men innrømmer sjølv at det ikkje er lett å gå frå teori til praksis.

mm
Faktaboks

Fram mot lokalvalet vil Framtida.no skriva om det grøne skiftet frå oljealderen til eit berekraftig samfunn. I møte med desse spørsmåla bør alle ha ei røyst. Difor treng me også synspunkta dine om kva løysingar som kan finnast i det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

For innspel: Ta kontakt på on.ad1539806336itmar1539806336f@spi1539806336t1539806336

LES FAKTALUKK FAKTA

I ein vanleg naturfagtime på Stord vidaregåande skule denne våren:

– Det har regna mykje denne våren, men klimaendringane vil føra til endå meir her på Vestlandet, forklarer Ingvild Kannelønning til elevane.

Me tok ein prat med ho òg kollegaen hennar Sylvia Vassnes om korleis ein snakkar om klimaendringane i skulen og kva ein kan gjera.

– Det er òg viktig å snakka om korleis det påverkar andre land der klimaendringane får meir dramatiske konsekvensar. Prøva å skapa empati, seier Sylvia Vassnes.

– Når varmen får isen til å smelta, vil det vera mange menneske som får flaum på heimstadane sine.

LES OGSÅ: Vil sparke deg med begeistring

Bruk og kast
Læreboka som dei bruker i naturfag, tar opp klima og berekraft i fire av ni kapittel. Energi for framtida, eigne forbruksval og global interessekonflikt er noko av det bøkene tar opp.

– Er det nokre paradoks som dukkar opp når de har om klima på skulen?

– Det kan vera når me snakkar om kva me skal gjera. Det er litt løye å snakka om Noreg som er eit lite land, og kva me kan gjera, seier Sylvia Vassnes.

– Eg trur kanskje ikkje eg alltid klarer å få dei til å reflektera over kva rolle Noreg kan ha, og at det er viktig med kjeldesortering, enøk, sparedusj og gjenbruk og mindre bruk og kast, seier Ingvild Kannelønning.

– Eg er ikkje så flink sjølv og veit eg kunne vore mykje betre, men det er ikkje alltid like enkelt når me bur i eit bruk og kast-samfunn, seier Sylvia Vassnes og viser til at det ofte er billegare å kjøpa nytt enn å reparera på gamle og øydelagde ting.

LES OGSÅ: – Gullkysten kan vera klimaspydspiss

Då blir det stille i klasserommet
– Passar klima og klimaendringar inn i naturfaget, eller det andre fag det også kan høyra inn i?

– Det er i skjeringspunktet mellom naturfag og samfunnsfag, seier Ingvild Kannelønning.

– Når ein tar opp kva ein kan gjera med utslepp og menneskeskapte klimaendringar, så går ein meir inn i samfunnsfaget, meiner Sylvia Vassnes.

– Det har også med haldningar å gjera; me veit kva me kan gjera, men det er ikkje så mange som gjer det, legg ho til.

Ingvild Kannelønning påpeikar at me er vande med å ha det godt i Noreg.

– Mange blir nok overraska når dei ser kor mykje me forbruker, seier ho og fortel at ho ofte viser teiknefilmen Cruelty of Man (sjå under!) for å visa dei verste sidene av forbrukarsamfunnet.

– Då er det litt stille i klasserommet etterpå. Elles er det nok litt varierande kor mykje ein tenkjer på og tar omsyn til klimaendringane. Uansett er det viktig å diskutera det, seier Ingvild Kannelønning.

LES OGSÅ: Oljedilemmaet i det rike nord

Sender elevane på oppdrag
Ingvild Kannelønning sender ofte elevane sine på oppdrag til den nærmaste Kiwi-butikken.

– Dei får ta bilde av unødvendig emballasje og sjå kvar frukt og grønt kjem frå og kor langt dei har reist.

Ho har òg gjennomført klimatoppmøte for elevane sine på studiespesialisering. Då får elevane oppleva kor vanskeleg det er å bli samde om kor mykje kvart land skal kutta.

Sylvia Vassnes og Ingvild Kannelønning er samde om at yrkesfaga er viktige for å ta opp dei praktiske sidene ved berekraft.

LES KVA ELEVANE SEIER: «Shit! Dette kjem til å skje!»

 

Viktige yrkesfag
Ein stor del av yrkesfagelevane på Stord pleier å få seg jobb i leverandørindustrien og oljenæringa.

– Hovudfokuset til elevane er at dei skal få seg jobb etter utdanninga, seier Sylvia Vassnes.

Men ho meiner å sjå at fleire fag tar opp den praktiske sida av berekraft og energiøkonomisering. Elevane lærer om varmepumper, passivhus og grøn it.

Det siste er det Live Gravdal som lærer elevane om. Ho er lærar i ikt. Elevane hennar får vera med på eit tverrfagleg samarbeid der dei får rekna på kor mykje straum dei bruker på pcen heime.

– Elevane lærer om straumstyring, og kor mykje meir straum ein gamal maskinpark og printerar bruker – og om attvinning.

– Veit du kvar du kan finna mest gull? spør ho, og svarer sjølv:

– I gamalt it-utstyr på søppelfyllinga.
 

Korleis meiner du me kan leva meir berekraftig? Skriv meininga di i kommentarfeltet eller send oss tips!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE