Lovar digitale medisineksamenar på nynorsk i 2016

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovar eksamen på nynorsk i 2016

Saka stod først hos Uniforum.

I vår gjekk medisinstudent Marit Grimsrud ut i Universitas og kravde å få digitale eksamenar på nynorsk. Ho meinte det var ei snikbokmålisering av medisinstudiet å ha desse eksamenane berre på bokmål.

Fakultetsleiinga forsvarte seg med at det ville bli for komplisert å gi tilbod om digitale eksamenar på begge dei norske målformene.  Difor bestemte fakultetsstyret den 3. mars i år at dei måtte gjera eit unntak frå føreskrifta om målformer i eksamensoppgåver.

LES OGSÅ:– Ein skam og ein skandale

Omsetjingssystemet fungerte ikkje

Etter at Språkrådet har tatt opp saka, har Det medisinske fakultetet sett nærare på saka. Dei viser til at systemet som i dag blir brukt til digitale eksamenar har ei løysing for omsetjing til nynorsk. «Løysinga har ikkje fungert. Leverandøren er bedt om å løyse dette», står det i eit brev fakultetet har sendt til Språkrådet.

Når dette er på plass, vil det vera opp til kandidaten sjølv å velja om han eller ho ynskjer å lesa oppgåva si på bokmål eller nynorsk, går det fram av svaret som er sendt til Språkrådet.

Vil pressa leverandøren

Samtidig understrekar studiedekan Ingrid Os og fakultetsdirektør Bjørn Hol at Det medisinske fakultetet vil leggja ekstra press på leverandøren  av systemet Question Mark Perception slik at systemet så snart som mogleg klarer å handtera begge dei to målformene. Målet er få dette på plass i tide til eksamenar våren 2016, lovar fakultetsleiinga.

LES OGSÅ: Milevis unna nynorskkrav

Kvaliteten på oppgåvene er viktigast

Uniforum har vore i kontakt med studiedekan Ingrid Os og ho stadfestar at dette er ei sak fakultetsleiinga tar svært alvorleg. Samtidig forsvarar ho avgjerda om å tilby dei digitale eksamenane berre på bokmål våren 2015.

–Vi informerte fakultetsstyret i mars i år om at vi fann det naudsynt at dei digitaliserte skriftlege berre vart på bokmål sidan prosessen med å omsetje desse omfattande og kompliserte oppgåvesetta var krevjande både fagleg og administrativt, forklarar ho.For henne er det viktig at kvaliteten på oppgåvene er like god på både nynorsk og bokmål.

– Vi vil gjerne kunne tilby båe målformene ved eksamenane våre, men vi må vere sikre på at kvaliteten både fagleg og språkleg, og  forståinga av oppgåvene, er like god på båe målformene, understrekar ho i ein epost til Uniforum.

Test deg sjølv: Kan du bokmål?

– Det tekniske problemet er løyst

Studiedekan Ingrid Os peikar på at fakultetsleiinga har tatt opp saka med leverandøren av systemet.

– Etter at vi tok dette opp i fakultetsstyret,  har Questionmark som lagar produktet Questionmark Perception løyst det tekniske problemet med sjølve omsetjinga. Det betyr at vi kan få dette til, men sjølve implementeringa vil måtte ta noko tid. Det er viktig å få teste systemet, og vi må vere sikre på at omsetjinga ikkje påverkar sensureringa reint teknisk, forklarar ho.

– Ikkje minst er det viktig at vi får til ei god nok kvalitetssikring av innhaldet, og med sams forståing av spørsmåla på båe målformer, altså ei god omsetjing, legg Ingrid Os til.

LES OGSÅ: – Eg vil berre ha språket mitt!

Blir dyrare

Men uansett korleis løysinga blir, er Ingrid Os viss på at det vil kosta pengar.

– Dette er ei stor utfordring, og sjølvsagt ressurskrevjande både administrativt og fagleg, og vil få  økonomiske konsekvensar. Det er faglege spørsmål som kan vere vanskelege å formulere på båe målformer, og omsetjinga frå bokmål til nynorsk kan vere vanskeleg sidan det må vere så presis formulering i faginnhaldet.

– Det ideelle, men nok ganske urealistisk, var at vi hadde ein faglærar i kvart fagområde med god kjennskap både til  nynorsk og bokmål som kunne kvalitetssikre at omsetjinga blir god nok og med nøyaktig same innhald og meining, seier ho.

Problematisk ressursbruk

Ingrid Os slår fast at kostnadene vil gå opp med tilbod om eksamenar på både nynorsk og bokmål.

– Det vil sjølvsagt bli dyrare med bruk av båe målformer ved alle dei digitaliserte eksamenane som vi har, ordinær og kontinuasjonseksamenar to gonger i året i dei ulike fagfelta, så det er snakk om eit stort tal. Det er få medisinstudentar som brukar nynorsk som hovudmål.

– Vil det då vera forsvarleg å bruka så mykje ekstra pengar med så få studentar som krev nynorsk på eksamen?

– Dersom det berre er éin av 100 studentar som krev å få den digitaliserte eksamenen  på nynorsk, så synest eg at det er problematisk å måtte bruke så mykje ressursar til omsetjing for éin enkelt student. Desse ressursane kunne ha vore nytta på eit anna vis som til dømes forbetringar av andre studietiltak, og som kunne vere til større nytte for fleire studentar, meiner Ingrid Os.

Les saka i Uniforum!