Ny teneste koplar båtinteresserte saman

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den såkalla delingsøkonomien, der privatpersonar bruker internett og ny teknologi til å kjøpe eller leige varer og tenester mellom seg, har hatt ein solid oppsving i Noreg dei siste åra.

Her heime er det kanskje Airbnb, ei internasjonal nettløysing som legg til rette for at folk kan leige ut bustaden sin, og drosjetenesta Uber som er mest kjent. I tillegg finst det tilsvarande løysingar for bilar, verktøy og andre varer og tenester.

LES OGSÅ: Håvard bur i båten året rundt

Håpar på smitteeffekt frå liknande tenester
Denne sommaren har det komme ei ny nettbasert utleigeteneste for fritidsbåtar, kalla Boatflex. Det er som eit Airbnb for båtar, og det er auken i den såkalla delingsøkonomien som er inspirasjonen bak den nystarta tenesta.

– Tanken er at folk som har båt skal møte folk som ikkje har båt, og kanskje tene nokre pengar på utleige, seier ansvarleg redaktør Ole Henrik Nissen-Lie i Norsk Maritimt Forlag, som er ansvarlege for Boatflex i Noreg.

Nissen-Lie har tru på potensialet som ligg i delingsøkonomien etter å ha sett kva suksess Airbnb og Uber har hatt i Noreg. No vil han freiste fleire folk ut på sjøen.

Ole Henrik Nissen-Lie i Norsk Maritimt Forlag håpar Boatflex kan lokke fleire båtinteresserte utan båt ut på sjøen. Foto: Jørn Finsrud

Ubrukt kapital
Det er om lag 750.000 fritidsbåtar i Noreg, og det slikt sett eit stort potensial for utleige, for dei som er interesserte i det.

– Det ligg mange flotte båtar rundt om i landet. Dei har totalt ein forsikringsverdi på kring åtti milliardar kroner. Det varierer kor mykje dei blir brukt, og det er mange som ikkje har båt som vil prøve båtlivet, seier Nissen-Lie

Maritimt Forlag samarbeider med Boatflex i Danmark om nettløysinga, og motivasjonen er ifølgje Nissen-Lie å gjere daud kapital tilgjengeleg, samstundes som ein seinkar terskelen for dei som vil prøve båtlivet.

– Det er også ein fin måte å for prøve båtlivet andre stader, som til dømes på feire i Danmark eller Nord-Noreg.

LES OGSÅ: Langt frå likestilt til sjøs

Raske med å kopiere USA
Trenden med delingsøkonomi kjem frå USA, og ein rapport frå revisjons- og rådgivingsselskapet PwC viser at 19 prosent av amerikanarane deltek i delingsøkonomien. Heile 83 prosent av dei spurde meiner delingsøkonomien gjer kvardagen enklare og meir effektiv.

– Me er raske med å adoptere trendar frå USA, forklarer førsteamanuensis Thor Øivind Jensen ved Universitetet i Bergen.

Jensen forskar på forbruk og økonomi, og meiner det er mykje positivt ved delingsøkonomien. Han peikar særskilt på at ein som utleigar er litt bedrift og litt privatperson.

– Me vil gjerne ha ei personleg kopling, viss me kan. Slike tenester er mindre framandgjerande og mindre «big business», og akkurat det er noko som freistar folk, seier Jensen.

Om Boatflex klarer å lokke båtfolket står att å sjå, meiner Nissen-Lie.

– Denne tenesta er heilt fersk, og me er budd på at det kan ta litt tid å byggje opp eit grunnlag. (©NPK)

LES OGSÅ: Tre av fire vil seie ifrå om drikking til sjøs

Faktaboks

Delingsøkonomi:

Fellesnemning for privatpersonar og grupper som bruker internett og ny teknolog til å kjøpe, selje, leige eller byte varer og tenester mellom seg.

Slik tener dei pengar på verdiar/ting som elles ville stått ubrukt.

Døme på tenester: Airbnb, Flipkey og Couchsurfing (overnatting), Uber (persontransport), Task Rabbit (småjobbar), Eat With (restaurant), Nimber (varetransport), Boatflex (båtleige), ToolPool (gratis utleige av verktøy).

(Kjelde: «The Sharing Economy», rapport frå PwC). (©NPK)