Norske stavkyrkjer stadig meir populære

Dei 28 stavkyrkjene i Noreg blir stadig viktigare besøksmål for turistar frå inn- og utland, men dei som ligg utanom turiststraumen slit, særleg i Buskerud.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei aller fleste stavkyrkjene melder om ein tydeleg besøksvekst denne sommaren, seier Håvard J. Russnes som er leiar av Stavkirkeeierforum – eit nettverk for eigarane av stavkyrkjene i Noreg til Nationen.

Fortidsminneforeningen eig åtte av dei norske stavkyrkjene, staten eig tre og Den norske kyrkja resten, 17.

LES OGSÅ: Gol stavkyrkje i peparkakedeig

20 prosent besøksvekst
Heddal stavkyrkje i Notodden i Telemark har så langt i sommar hatt ein auke i besøket på mellom 35 og 40 prosent i forhold til same tid i 2014. I år får kyrkja minst 20.000 betalande gjester.

– Stavkyrkjene Borgund, Urnes, Kaupanger og Hopperstad i Sogn og Fjordane kan alle ved utgangen av juli vise til ein besøksvekst på 20 prosent i forhold til same tid i fjor, seier Tanna Gjeraker ved Borgund stavkyrkje.

LES OGSÅ: Utfordrar dei eldste stavkyrkjene

Fleire slit
Besøkskurven til stavkyrkja i turistknutepunktet Lom i Oppland går også rett til himmels. Her har besøket auka med heile 42 prosent dei fem siste åra – og veksten held fram:

Likevel er det fleire som slit, og Fortidsminneforeningen håpar staten kan komme inn og støtte foreininga med driftsmidlar slik dei gjer med andre museum.

– Stavkyrkjene Uvdal, Torpo og Nore i Buskerud ligg alle litt utanfor turisthovudvegane. Desse kyrkjene har gått med underskot i fleire år, seier eigedomssjef i Fortidsminneforeningen Eli-Sofie Thorne.