Anastasia Mayers er verdas yngste person i verdsrommet

Ho var berre 18 år då ho vart skote opp med andre romturistar.

Åshild Slåen
Publisert

I august var Anastasia Mayers, då 18 år, med på ein tur ut i verdsrommet saman med mora si, Keisha Schahaff, og 80 år gamle Jon Goodwin.

Med det er ho den yngste personen som nokon gong har vore i verdsrommet.

Anastasia Mayers er den yngste personen som har vore i verdsrommet.

– Då eg såg ned på jorda, så var det nesten som å vere i ein transe. Eg hugsar at eg følte ein enorm kjærleik og tilknyting til alt, seier ho om turen til University of Aberdeen. Der studerer ho fysikk og filosofi.

Heile turen varte i litt over eit kvarter, med ei veldig kort tid utanfor jordas atmosfære.

Det var selskapet Virgin Galactic som arrangerte turen. Dei tek turistar opp i verdsrommet, og billettane kostar rundt 450 000 dollar. Mayers var ein del av den første kommersielle turen etter mor hennar vann eit billettlotteri.

Saman med mora Keisha Schahaff er Mayers også den første karibiske personen i verdsrommet. Dei er frå øystaten Antigua og Barbuda.