Gol stavkyrkje i peparkakedeig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stavkyrkje i peparkakedeig

– Kvalitet er viktig på Norsk Folkemuseum. Når vi set opp eit peparkakehus så har vi med oss kunnskapen frå arbeidet med dei antikvariske bygningane på museet. Dei som har vore med på dette prosjektet har også vore med på å leggje taket på den verkelege versjonen av Gol stavkyrkje. Vi er vane til å jobbe med tjære. No er det knekk som gjeld på snikkarverkstaden, fortel prosjektleiar Stian Myhren i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Bakar tar oppgjer med julehysteriet

20 kilo deig
Så godt som alle handverkarar på bygningsantikvarisk avdeling har vore involverte i arbeidet med peparkakestavkyrkja.

Det har gått med 20 kilo peparkakedeig til kyrkja, som er i målestokk 1:25. Ho er 75 centimeter høg og inneheld 190 ulike kakedelar.

På julemarknaden som byrjar 30. november vil peparkakestavkyrkja og nokre peparkakehus laga av publikum stå i utstillingshallen på museet.