Ei 16 år gamal jente har gjort eit stort funn i Sør-Frankrike.

Anders Veberg

Tanna, som arkeologane ikkje veit om stammar frå ein mann eller ei kvinne, vart funne sørvest i Frankrike, av ei 16 år gamal jente som jobba frivillig med utgravinga. Det melder nyheitsbyrået AFP.

– Ei stor tann frå eit vakse menneske vart funne under utgravingar av jordsmonn som me veit er mellom 550.000 og 580.000 år gamalt, seier paleoantropolog Amelie Viallet til nyheitsbyrået. Ho legg til at det store spennet i alder er på grunn av ulike dateringsmetodar.

Funnet skal vera veldig viktig, sidan det finst få fossil av menneske frå denne tida.

LES OGSÅ: Fossil skulekvardag på Tøyen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE