Vindmøller i hagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fortel NRK.

Ti meter over bakken ruver vindmøllene vindenergisenteret skal teste korleis fungerer kopla til ein einebustad. Dei skal samanlikne når det bles og når det er behov for straum, og sjå korleis det ville gått om mølla var kopla til eit vanleg hus.

LES OGSÅ: Møllesus eller oljerus?

Leiaren for vindenergisenteret, Thomas Bjørdal, meiner Smøla på Nordmøre er ein perfekt stad å teste.

– Me skal sjå korleis mølla taklar vêrtilhøva på Smøla. Taklar ho dette kan ho takle dei fleste andre stader i Noreg, seier han.

Mølla kostar 190.000 kroner og er ikkje noko for folk flest.

– Du tener det ikkje inn att. Desse små vindenergikjeldene må vere del av eit større system, og kan vere med på å halde spenninga oppe i nettet, seier Bjørn Helset, som installerer mølla. (©NPK)

LES OGSÅ: Herifrå kjem mest vindkraft