Norsk Luthersk Misjonssamband eig skulane som ber lærarane stå inne for eit verdidokument, som slår fast at ekteskap skal skje mellom mann og kvinne.
LES OGSÅ: Tilset ikkje homofil prest
– Eg synest det er trist at vi ikkje har komme lenger. At haldningane til homofili framleis skal vere så fordomsfulle, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik til NRK.
– Eg er verkeleg uroleg for den homofile 15-åringen som skal gå på ein slik skule. Møter ein så sterke fordommar i ei tid der ein er ung og usikker, kan det ha store konsekvensar for den enkelte, fortset ho.
Espen Ottosen, som er informasjonsleiar i misjonssambandet, meiner det ikkje er problematisk at skulane ber lærarane skrive under på verdidokumentet.
– Det er ikkje nødvendigvis slik at lærarane er einige i alt som står i verdidokumentet. Dokumentet skal først og fremst vise at vi er ein kristen skule, seier han til NRK. (©NPK)
LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i olje-protest