Likar du Queen og R&B, er du truleg empatisk. Iallfall meir empatisk enn dei som likar hardrock og heavy metal.

Det hevdar forskarar ved Cambridge University, som meiner musikksmaken din kan avsløra korleis du er som menneske. Aftenposten har sitert studia som først vart publisert på nettstaden Plos One.

Dei skriv at empatiske menneske ofte føretrekk musikk av det meir rolege slaget, som R&B, soul, folk og soft-rock. Er det avant-garde jazz eller band som Metallica og Sex Pistol sin som snurrar på platespelaren din, er det truleg fordi du har analytiske evner.

LES OGSÅ: Er du gamal, unngå musikk på jobben

Har ein kommersiell verdi
Aftenposten skriv at det var PhD-studenten David Greenberg som leidde studien, der 4000 frivillige deltok. Gjennom ei rekkje ulike testar vart deltakarane vurdert om dei var empatiske eller systematiske, til dømes ved å spørja dei om dei var interessert i korleis bilmotorar er konstruert, eller om dei var flinke til å gjetta kva andre følte.

– Sjølv om smaken kan endra seg noko over tid, oppdaga vi at «empati-nivå» er ein god indikator på kva slags musikk ein person vil føretrekka. Faktisk kan menneske sine kognitive trekk vera ein betre indikator på musikksmak enn personlegdom, har Greenberg tidlegare fortalt.

Han meiner denne typen forsking kan vera av stor kommersiell verdi for musikkindustrien.

– Mye pengar vert brukt for å laga algoritmar som freistar å gjetta kva slags musikk du vil høyra på – til dømes på Spotify og Apple Music. Ved å kjenna til korleis ein brukar tenkjer, vil ein kunna verta meir presis kva gjeld musikktips.

LES OGSÅ: Vi kjøper meir musikk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE