– Det går sakte og i rykk og napp

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Aftenposten som presenterer tala. Nestleiar i Likestillings- og diskrimineringsombodet, Elisabeth Lier Haugseth, jublar med atterhald over tala.

– Kvinner i toppleiing tener mindre enn menn i tilsvarande stillingar. Det er heilt urimeleg. Det som er bra er at gapet vert mindre totalt sett, men det går sakte og i rykk og napp.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

Skilnadene minst innan offentleg sektor
Lønsskilnaden mellom kvinner og menn varierer i stor grad mellom dei ulike bransjane. Medan det innan barnehage og offentleg verksemd er så å seia likeløn mellom kjønna, er skilnadene størst innan handel, olje, gass og rederi.

Her tener kvinnene berre litt over 80 prosent av det menn tenar, noko som er eit godt stykke under gjennomsnittet. I snitt tener kvinnelege heiltidstilsette 88,4 prosent av det menn tenar. Det inneber ein auke på 0,5 prosentpoeng frå 2013.

LES OGSÅ: – Noreg er minst dårleg i klassen

Oppland skil seg ut
Aftenposten skriv at det er stor variasjon mellom dei ulike fylka. Medan kvinnelege leiarar i Oppland tener meir enn dei mannlege kollegaene sine (101,6 prosent), er det kvinnene i Telemark som kjem verst ut. Her tener kvinner i leiarstillingar berre 75,9 prosent av mannlege leiarar. Oljeverksemd er ikkje teke med i desse tallane.

– Det er ikkje godt å seia kvifor det er slik. Det vert mest spekulasjonar frå sida mi, men eg veit at det er ein del kvinner som er leiarar i store føretak her i Oppland, så det kan jo vera at det at vi har mange kvinner i toppleiinga gjer at lønningane vert høgare.