Vemund sminkar Oslo grønt

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det starta med at eg leitte etter produkt som kunne hjelpe meg med problem eg sjølv hadde. Som estetisk såg ut som eg ville og som hadde dei rette ingrediensane, seier Vemund Eldegard, eigar av hudpleiemerket Elde.

LES OGSÅ: Slik skal 20-åringen reinska verdshava

Første gong i Europa
18-åring har nett opna pop-up-butikken sin på Aker Brygge for dagen. Ein pop-up-butikk har avgrensa «levetid», og Eldegard sin «Elde Beauty Lab» skal vere open i juli. Her kan kundane kome å lage sin eigen lipgloss, tilpassa deira fargetoner og ønskjer.

– Folk har vore positive. Dette er første gong noko slik vert tilbydd i Europa. Det fins eit liknande tilbod i USA, men der er ikkje produkta naturlege.

Vemund - bilde 2

– Folk har vore overraskande positive. Eg er dessutan vant til å vere eit samtaleemne, seier Vemund Eldegard. Foto: Ida Hundvebakke

Starta som 15-åring
Vegen fram mot opninga av butikken har vore lang. Eldegard starta allereie som 15-åring. Då leitinga etter dei rette produkta aldri førte nokon veg bestemte han seg for å kaste alle produkta han eigde og lage sine eigne i staden.

– Eg bestilte inn kaldpressa planteoljer og i starten var det skikkeleg uproft. Men eg vart etter kvart nøgd med produkta eg laga, og venner og kjente vart interesserte, seier han.

Naturleg og rettferdig
Eldegard seier han alltid har vore interessert i å drive for seg sjølv, å skape si eiga bedrift. Bedrifta si filosofi er å tilby naturlege hudpleieprodukt basert på naturlege, økologiske og veganske ingrediensar, som også er fair-trade.

Noko det med andre ord ikkje fins så mykje av på marknaden frå før. 

– I starten var det mest ei draumeverd. Tenk om dette gjekk bra? Eg begynte etter kvart å investere pengane eg tente på bakerijobben min i firmaet. Det er det ikkje så mange 15-åringar som gjer. Eg kunne jo brukt pengane på å dra på ferie i staden, seier han.

LES OGSÅ: Ein grøn frisør

Frykta han hadde kjøpt katta i sekken
Til sist hadde han brukt 30.000 kroner på ingrediensar. Då begynte han brått å frykte at han hadde brukt ein så stor sum på noko som til sist berre ville ende opp med å bli hudpleie til seg sjølv.

– Korleis unngjekk du at det vart slik?

– Det er vanskeleg å seie. Eg begynte å legge ut nokre bilete på Instagram og visste eg hadde ein del kjente med god innflytelse, seier han.

Instagram-marknadsføringa førte fram, og folk hoppe på. Nokre lokale butikkar tok inn produkta og Sunnfjord Næringsutvikling slo på tråden. Etter kvart fekk han dessutan 150.000 kroner frå Innovasjon Norge til vidareutvikling av bedrifta, med spesielt fokus på marknadsanalyse. Butikken på Aker Brygge er ein av metodane han skal bruke for å lodde stemning for produkta sine.

– Korleis har det vore å drive med dette i ein liten by som Førde?

– Folk har vore overraskande positive. Eg er dessutan vant til å vere eit samtaleemne. Eg har vore i offentlegheita før, mellom anna då eg blogga for bloggportalen Vixen i nokre år, seier han og fortel at folk får meine det dei vil om han, så lenge han er nøgd sjølv.

Vemund - bilde3

– Eg drøymer om at fleire skal tilby grøne produkt og at eg etterkvart kan få med meg eit team som inspirerer meg og gjer meg lukkeleg. Foto: Ida Hundvebakke

Prioriterer bedrifta det kommande året
Butikken seglar vidare til Bergen i august. Der vert det pop-up-butikk i tre dagar. Etter det er framtida open. Eldegard var ferdig på vidaregåande i vår og skal no bruke det neste året til å utvikle bedrifta si.

– Det har vore tøft å kombinere bedrifta med skulen, når eg hatt det meste av ansvaret sjølv med alt frå marknadsføring til produktutvikling. Det einaste eg har fått hjelp til er pakking av produkta.

–  Korleis har det eigentleg gått med salet?

– Eg har seld ganske mykje, meir enn eg trudde. Då eg skulle hit hadde eg til dømes eit problem med at det var tomt for pumper. Det hadde eg aldri trudd skulle skje, seier Eldegard og anslår at han har seld 700 eksemplar av ulike Elde-produkt til saman.

– Drøymer du om å kunne leve av dette på sikt?

– Sjølvsagt. Eg drøymer om at fleire skal tilby grøne produkt og at eg etterkvart kan få med meg eit team som inspirerer meg og gjer meg lukkeleg.

LES OGSÅ: Gründerklekkeriet i Langevåg