Jaktar svaret på terrorgåta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Hallingdølen.

Det finst 283 ulike definisjonar av omgrepet terror. Dersom Nelson Mandela var terrorist, og Osama bin Laden var terrorist – kva ligg eigentleg i omgrepet? 

27 år gamle Sondre Lindahl frå Nesbyen har flytta til New Zealand for å kome litt nærmare eit svar.

Rett plass, rett tid
– At eg skulle bli terrorforskar var eigentleg ganske tilfeldig. Eg drog til Wales for å ta ein master i internasjonal politikk, men vart fengja av faget Critical Terror Studies. Dette var ein månad etter Breivik og angrepa på Utøya, og eg enda opp med å skrive oppgåva mi på dei nye lovene mot soloterrorisme som kom i Norge etter 22. juli. Rettleiaren min, Richard Jackson, vart så henta heim til New Zealand, og han bad meg bli med for å gjere ein doktorgrad. Eg kasta meg på, seier Lindahl.

Terrorforskar. Eller freds- og konfliktforskar? Lindahl er alt halvvegs i arbeidet ved University of Otago i Dunedin, søraust på New Zealand si sørlege øy, og hovudpoenget i oppgåva hans står stadig tydelegare fram for han: – Terrorisme skjer alltid i ein samanheng. Difor seier eg at eg heller er ein freds- og konfliktforskar, for du kan ikkje forstå terrorisme utan å forstå den spesifikke konflikten, seier han.

title

Terrorforskar. Eller freds- og konfliktforskar? Sondre Lindahl går for sistnemnde. Foto: Torunn Akersveen Lied

Ikkje gløym samanhengen
Eksempelet kjem 27-åringen med umiddelbart.

– Me kan illustrere med Den Islamske Staten (IS) som er på alle sine tunger. I media kan du få inntrykk av at dei kjem frå oven for å drepe vestlege folk, men det me ikkje må gløyme er at då USA invaderte Irak i 2003, røska amerikanarane opp alle samfunnsstrukturar. Målet var å fjerne ei kjelde til terrorisme og gjere Irak til eit demokratisk fyrtårn i Midtausten. I staden opna det seg eit kvefsebol av århundrelange konfliktar og stammefeider, som Saddam Hussein hadde halde nede med brutal vald.

– Det vart kaos i regionen. Førre månad kom ein rapport som syner at mange av irakarane som vart sparka ut av Baath-partiet og militæret etter invasjonen nærmast gjekk i hi. Dei drog heim til eigne område og stammer, men heldt kontakten. Gruppa Den Islamske Stat i Irak og Levanten (ISIL/ISIS) – IS er namnet Vesten har gitt dei – begynte å danne seg for nokre år sidan.

– Dei slo til då dei hadde samla store nok styrkar og regionen var i tilstrekkeleg kaos. At dei fekk tak i våpen og visste korleis dei skulle bruke dei, er ikkje rart – dei var alle eks-militære. Skal du forstå IS, kan du ikkje ta dei ut av samanhengen: Invasjonen av Irak, seier Lindahl.

Løys konfliktane
«Ein manns terrorist er ein annan manns fridomskjempar», heiter det. Klisjéaktig, ja, men det illustrerer litt av problemet med terror, meiner Lindahl: Me kan ikkje definere det, og difor veit me ikkje kva det er.

– Eg jobbar for å bevise at linken mellom ulike terrorangrep er konflikt. 82 prosent av terrorangrep skjer i konfliktområde, gjerne ved at ein svakare part angrip ein sterkare part ved å ta svake mål, som til dømes barn. Grupper som gjer slikt, er ofte svakare enn me trur, elles hadde dei gått på hardare mål. Å snakke om islam, radikalisering og fattigdom som årsaker til terrorisme blir heilt håplaust, men om me ser på konfliktar, så fører dei med seg fattigdom, mangel på utdanning og rom for religion. Har ein konflikt, så treng ein konfliktløysing. Då speler det inga rolle om du kallar dei involverte terroristar eller ikkje – partane må prate saman. Her går Norge heilt klart føre.Dei siste åra av borgarkrigen på Sri Lanka var til dømes Norge einaste part som snakka med separatistorganisasjonen Tamiltigrane, som EU sette på terrorlista si i 2005, seier Lindahl.

LES OGSÅ: Vener og kjærestar av 22. juli-offera kan ha blitt oversett

Bestefar, terroristen
Ein gong terrorist, tyder ikkje alltid terrorist, understrekar forskaren.

– Margaret Thatcher kalla Nelson Mandela den mest notoriske terroristen i verda på 80-talet, men etter 1994 vart Mandela sett på som eit ikon for fred og forsoning verda over. Terrorisme er ikkje noko du er, det er eit verkemiddel, eit konsept. Slik har det vore sidan Djengis Khan brente ned éin by for å skremme innbyggjarane i ti andre. Du sender ein beskjed. Den statistiske risikoen for å døy i eit terrorangrep i dag er like liten som å døy i eit meteorittnedslag, seier Lindahl.

I sommar jobbar han som vaktmeister på Hallingdal Museum medan han skriv vidare på doktorarbeidet. Om eitt år skal han vere ferdig. På museet på Nes finn han fleire linkar til forskinga han held på med.

– Me har ei utstilling om Heimefronten i andre etasje her. Det var jo terroristar, det var det nazistane kalla dei. Bestefaren min var blant dei, seier han og peiker på ein mann som heng avfotografert på utstillingsveggen saman med andre Milorg-karar i Nes. – Kanskje er det derifrå eg har det, at det ligg litt i blodet mitt å undersøke terrorisme, seier han.

27-åringen tenkjer seg om.

– Terrorisme er omhylla i mykje tabu, me ser på terroristar som vonde menneske som er heilt blåst og som me ikkje kan prate med. Men terror er ikkje ein trussel mot det norske samfunnet. Korleis me reagerer, eller overreagerer på terrorisme – det er den største trusselen mot samfunnet vårt.

LES OGSÅ: – Framleis den finaste staden i verda