– Noreg heng etter i grøn omstilling

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg føler klimadebatten er meir framoverlent i resten av Europa, samanlikna med Noreg som er prega av at me er ein olje- og gassnasjon, seier Hege Moe Eriksen.

Noko av forklaringa meiner ho kan vera at dei grøne partia har vore større over lengre tid på kontinentet.

Tidlegare i sommar var Hege Moe Eriksen på Changemaker sin sommarleir på Halsnøy og Framtida.no fekk ein prat med utanriksjournalisten om klimadebatten i Noreg samanlikna resten av Europa.

Og apropos endring; dét er det mykje av i Europa for tida:

– Europa er gjennom ein valdsam omstillingsprosess. Tungindustri og bilindustri flyttar til Asia. Dermed må ein finna ut kva ein skal leva av i Europa. Det kan anten vera dei kule tinga med meirverdi, men det kan òg vera den nye grøne industrien som er vår nye moglegheit i Europa, seier Hege Moe Eriksen.

LES OGSÅ: – Europa har eit grunnleggande demokratisk problem

Dei smarte hovuda
Gjennom tre år som Europa-korrespondent var ho ein flittig brukar av flyplassen i Brussel.  Kvar gong blei ho møtt av Statoil sin svære kampanje for å få europeiske styresmakter til å ta vegen frå fossilsamfunnet via norsk gass.

– Noreg er ikkje i front, og me går glipp av den omstillingsprosessen som resten av Europa går gjennom, seier ho.

Hege Moe Eriksen meiner noko av det viktigaste me kan gjera i Noreg er å bruka dei smarte hovuda som blir utdanna kvart år til å utvikla ny grøn teknologi.

– Bur du til dømes i Haugesund i dag og kan noko om realfag, så er det veldig lett å bli sogen opp av oljebransjen.

Saka held fram under bildet!

– Eg skulle ønskja at me i debatten i Noreg kunne snakka meir om korleis me kan bidra til den grøne omlegginga, seier Hege Moe Eriksen.

LES OGSÅ: Viktige aktørar hindrar klimaavtale

Grøn vekking
– Eg skulle ønskja at NTNU fekk ei misjonsånd over seg og gjekk i bresjen for ei grøn omstilling, seier NRK-profilen, og legg til:

– I Europa har ein vore nøydd til å omstilla seg. Her i Noreg blir me veldig sårbare viss me ikkje gjer det same.

– Korleis ser EU på Noreg som klimanasjon?

– Dei ser nok Noreg som heilt greie. Det kjem òg an på kven du spør. Miljø- og klimakommissæren vil nok seia at EU treng norsk gass, men ikkje så lenge som Noreg ønskjer at EU skal trenga norsk gass.

– Eg skulle ønskja at me i debatten i Noreg kunne snakka meir om korleis me kan bidra til den grøne omlegginga, seier programleiaren for Urix.

Ho viser til at både Noreg og EU har klare målsettingar for kutt i klimagassutslepp.

– Me må òg ta konsekvensane av dei måla me har sett, avsluttar Hege Moe Eriksen.

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr