Det bibelske miljøengasjementet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

18. juni vart ein smått historisk dag, i alle fall i den katolske kyrkja. Den noverande paven, Frans, ga ut eit skriv – ein ensyklika – der klimaet var tema. Han skreiv mellom anna om menneskjet si rolle i å ta vare på skaparverket, og peikte på det han meinte me har gjort feil, som grådig forbruk, overbruk av ressursar og utslepp av klimagassar. «Laudato Si» var namnet på dokumentet – kan det verta symbolet på kyrkja si viktige rolle i klimakampen?

LES OGSÅ: Den grøne kyrkjebølgja

Kan ha stor påverknad
Pave Frans er den første paven som tek ei aktiv stilling til klimautfordringane i ensyklikaen sin. Washington Post har trukke fram fleire nøkkelpunkt – mellom anna at paven oppmodar til ein enklare livsstil, og kallar klimaendringane eit av dei største problema i vår tid.

– Det representerer ein av dei grunnleggande utfordringane menneskeheita møter i dag, og det vil truleg gå hardast ut over utviklingsland i tiåra som kjem, skriv paven.

– Oppvarminga forårsaka av eit enormt forbruk i nokre rike land har hatt konsekvensar for dei fattigare delane av verda, der auka temperatur kombinert med tørke er katastrofalt for landbruket, skriv paven vidare.

Sjølv om det paven her skriv har blitt sagt fleire gonger før, kan det ha stor påverknadskraft. Som religiøs leiar for 1,2 milliardar katolikkar – verdas største religiøse organisasjon – har Pave Frans mykje å seia, sjølv om det er fort å avskriva han som eit symbol og ein tradisjon. Spesielt viktig er det sidan ingen religiøse leiarar av same storleik har tatt eit liknande standpunkt tidlegare. Du kan lesa ei litt djupare analyse av paven sitt skriv her, hos Washington Post.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i olje-protest

Mennesket i sentrum
I Klassekampen tidlegare denne veka skriv den danske religionsvitaren Jens-André Herbener om paven sitt initiativ for jordkloden, og om at han argumenterer for «radikal endring av samfunnet raskast mogleg».

– Drastisk reduksjon av utslepp av klimagassar, berekraftig teknologi og ny lovgjeving: Alt dette er naudsynt, men ikkje nok. Paven meiner me må endra både måten me lever på og tenkjer på, skriv Herbener, som også understrekar kor viktig klimaengasjementet til Pave Frans kan vera.

Men Herbener peikar òg på korleis kristendom og islam har sin del av ansvaret for klimaendringane i verda.

– Desse religionane har plassert det guddommelege utanfor denne verda, som ein transcendent skapargud og eit kommande Paradis.

Derfor har dei største religionane tradisjonelt snudd ryggen til miljøspørsmålet og naturen – mennesket, skapt i Guds bilete, står i sentrum.

– Det første økologiske syndefallet kjem med landbruksrevolusjonen, då menneskjet for alvor underla seg jorda. Monoteismen ga denne menneskjesentrerte kulturforma ei guddommeleg rettferdiggjering, skriv Herbener.

Grøne kyrkjer
Men no kan ting endra seg. Pave Frans sitt skriv er ikkje det første miljøengasjementet i religiøse sirklar, sjølv om det kanskje er det største.

– Den valdtekne naturen slår tilbake på religionen som omformar den, som Herbener skriv.

Også religiøse i Noreg har tatt konsekvensen. 7. juni markerte skaparverkets dag, og fleire kyrkjelydar reiste på pilegrimsvandring for å bruka utestemma til å verna om skaparverket.

Blant dei sentrale miljøprosjekta i den norske kyrkja er Skaperverk og bærekraft (SoB). Prosjektleiar Per Ivar Voje opplever eit veksande, men varierande miljøengasjement blant norske kristne. Men mange har ei vegring mot å bli for politiske, fortalde Voje til Framtida.no tidlegare i sommar.

– Politisk påverknadsarbeid er nok likevel det som har blitt møtt med størst skepsis. Det er ein fare for å bli for detaljert og «partipolitisk» ved å peika på løysingar. Samstundes er det ei aukande forståing for at kyrkjene har ei stor rolle i å mobilisera eigne medlemmer, skapa endringar innanfrå, og gjennom dette òg påverke samfunnet og politikarar til å ta riktige val. Og nokre gonger må me bruka utestemma for å protestere mot urett og øydeleggingar.

Voje var også klar på at Bibelen oppmoda til å ta ansvar for miljøet, ei litt anna tolking enn den tradisjonelle som Herbener skriv om.

– Kortforma er at Bibelen og vår tru er tydeleg på at skaparverket har ein eigenverdi og at menneskjeverdet er likt for alle mennesker. Bibelen er òg hard i si fordømming av dei som ikkje bryr seg om dei fattige og dei som lir. Difor kan me ikkje vere likegyldige til at skaparverket øydeleggjast og mennesker lir allereie no under klimaendringane.

LES OGSÅ: Global uro får fleire til å gå i kyrkja

Ingen slepp unna politikken
Ikkje alle i kyrkja er like strenge på skiljet mellom religion og politikk. I styret til Miljøpartiet Dei Grøne Lindås sit Steinar Sneås Skauge, prest. Han forsvarar sitt politiske engasjement med den kristne etikken.

– I kristen teologi skal menneskjet forvalta det Gud har skapt. Ikkje berre øydelegg me det i dag, men me gjer uoppretteleg skade. Artar forsvinn og  livsgrunnlag forsvinn. Klimaendringane vil føre til meir tørke og svalt. Vi påfører andre menneske lidingar. Det strir mot kristne ideal om menneskeverd og nestekjærleik, fortalde Skauge til Framtida.no.

I ein kommentar i Vårt Land understrekar kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo det same.Han tek til motmele mot kristne stemmer som meiner miljøengasjement kjem i vegen for misjoneringa.

– Det er inga motsetning mellom misjon og klimaengasjement. Miljøspørsmålet er ikkje eingong ein forstyrrande faktor. Derimot er omsorga for skaparverket ein integrert del av den kristne trua. Den sanne misjonæren er grøn.

LES OGSÅ: – Gullkysten kan vere ein klimaspydspiss