Fleire bryt lova

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle ynskje at brotprosenten var lågare enn det han er. Det er ganske godt kjent at ein arbeidstakar skal ha kontrakt. Kvifor ordnar ikkje då arbeidsgjevaren det? Anten må det vera total latskap, eller så vil dei ha tilsette med svakt stillingsvern som er lettare å sparke, seier Kent Rune Pedersen, ungdomsrådgjevar i LO og ansvarleg for sommarpatruljen til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Kjempevanskeleg å få jobb

80-timarsveke til 30 kroner timen
Avisa skriv at LO sin sommarpatrulje avdekka brot i 22,7 prosent av dei 6070 føretaka dei besøkte. Det er 350 fleire brot enn i fjor. Omtrent halvparten av desse var brot på arbeidstidsregler, medan drygt 30 prosent gjekk på manglande eller mangelfulle arbeidskontraktar.

Dagsavisen skriv at dei verste tilfella patruljen avdekka var bedrifter  der dei tilsette fekk 30 kroner timen og jobba  80-timersveke. Lovnader om høgare løn for å kompensere vert sjeldan haldne.

– Dei finn på kostnader som dei kan trekkja frå og då sit arbeidstakaren nesten ikkje att med noko. I mange kontraktar kan det stå at dei har opp mot 200 kroner i timen , seier Pedersen, som meiner dei aller fleste aktørane dei møter er seriøse.

LES OGSÅ: Til kamp for ungdommen

Eigne reglar
Alf Åge Lønne, avdelingsdirektør i NHO Arbeidsliv seier til Dagsavisen at reglene bør vera lette å retta seg etter.

– Regelverket er ikkje spesielt kronglete eller vanskeleg å forstå og alle partar er tent med ryddige arbeidsforhold. På nho.no har vi lagt ut råd og rettleiing til medlemsføretaka våre om korleis dei skal tilsetje sommarvikarar. Dette er etterspurt informasjon, skriv han i ein e-post til avisa.

Lønne ber føretaka hugsa at det finst eigne arbeidstidsavgjerder for tilsette under 18 år og manar dei til å gje ekstra god HMS-opplæring.

– Regelverket skal følgjast, og det er viktig at unge vert teken imot på ein god måte. Dette er for mange det første møtet med arbeidslivet, skriv Lønne.