Biologi og shoppingmani går hand i hand

Har du for mange ting? Skuld på hormonane.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mykje vil ha meir heiter ordtaket. For det fins mange av dei, folka som snart druknar i eigne ting, men likevel drar på shopping til stadigheit. No har amerikanske forskarar ein god og ein dårleg nyheit til desse folka. Den gode nyheita er at ein no har fått ei unnskyldning å slå i bordet med når ein blir konfrontert med eige forbruk. Den dårlege nyhenda er at den berre gjeld kvinner.

VG skriv at forskarar ved University of Texas at San Antonio (UTSA) ville finne ut om hormonar kan påverke lysten på nye produkt. Dei fann ut at kvinner med eggløysing søkjer meir variasjon i forbruket. Då har kvinner meir østrogen i blodet enn elles.

LES OGSÅ:Gale nordmenn rusa på sveittelukt i ein vill kjøpemani

Stort utval å velje i
Forsøket blei utført ved at fleire hundre kvinner mellom 18 og 40 år vart invitert til å vere med i studia. Kvar dag fekk kvinnene velje mellom leppestiftar, neglelakk og sko i 20 ulike fargar, samt 20 ulike typar yoghurt og sjokolade.

– Kvinner vel eit større antal unike produkt når dei er på sitt mest fruktbare. Denne effekten er spesielt sterk for kvinner i parforhald, seier marknadsføringsforskar Kristina Durante ved UTSA.

Studien syner også at kvinner som er nære partnaren sin i mindre grad kjenner lyst til å hamstre enn dei som er meir distanserte til den dei lev saman med.

LES OGSÅ:I dag er Jordas dag

Opnar for ny forsking
VG har prata med professor i biomedisin, Trine Berit Haugen, ved Fakultet for helsefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho meiner at hormonnivået kan spele ei viktig rolle.

– Under eggløysing har kvinner meir av hormona østrogen og LH i blodet. Dette kan vere eit tidspunkt kor kvinner har meir energi, og lettare for å «kaste seg ut i ting». Vi veit frå forsking av kvinner har meir lyst på sex under eggløysing, men vi kan også tenke at kvinner er meir tilbøyeleg til å prøve nye ting, eller kjøpe fleire ting, fordi nivået av hormonar er slik det er, og at ein er i betre humør, seier ho.

Forskarane meiner at studia opnar for ny, spennande marknadsføringsforsking.

– For eksempel tyder studien på at merkelojaliteten kan svekkast rundt eggløysing, fordi kvinnene då er meir tilbøyelig til å skifte til noko nytt, seier Durante.