Auka matimport gir utrygg mat i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein stadig auke i importen av matvarer gjer at me kan vente oss fleire utbrot av sjukdomar som hepatitt A i Noreg, fortel Nationen. Det gjeld særskilt frukt og grønt.

LES OGSÅ: Franske matvarekjeder får ikkje lenger lov til å destruere mat

– Me forventar fleire utbrot og enkelttilfelle av denne sjukdomen i åra som kjem. Me ser at det dei siste åra er registrert fleire matborne utbrot av hepatitt A i både Europa og i Noreg, seier seniorrådgjevar Heidi Lange hjå Folkehelseinstituttet til avisa.

Både om ein er i Noreg eller i antekne «trygge» land, bør ein ta forholdsreglar, opplyser Folkehelseinstituttet. Rådet deira er å varmebehandle frukt og grønt. Det gjeld også minimais, sukkererter, asparges, bladgrønsaker og krydderurter. (©NPK)

LES OGSÅ: Maten i Noreg er trygg