Julian Ersland Vevik har vore rakettforskar på Andøya Space Center.

Frank G. Stenersen, Bømlo-Nytt
Frank G. Stenersen, Bømlo-Nytt

Denne saka stod først på trykk i Bømlo-Nytt.

Ein skal ha over gjennomsnittleg interesse for og evne innan realfag for å bli vurdert som aktuell til studieprogrammet på Andøya.

Målsetjinga er å få fleire til søkje ein karriere innan realfag generelt og romfartsteknologi spesielt, til dømes som rakettforskar.

LES OGSÅ: Me gjer som foreldra våre

European Space Camp er ein internasjonal romfartsleir for ungdom mellom 17 og 20 år. Her får eit 20-tals andre ungdommar fleire oppdrag dei skal gjennomføra i løpet av veka, under kyndig vegleiing av nokre av dei mest anerkjende forskarane og ingeniørane i Europa.

Høgdepunktet med opphaldet er oppskytinga av ein rakett dei sjølv har laga. Men som Vevik skulle erfara er det mykje som kan gå gale innan rakettforsking.

Lærarkraft
Julian Ersland Vevik hadde akkurat lagt vekk russedrakta frå Bømlo vidaregåande skule då Andøya Space Camp lokka, og den unge bømlingen legg ikkje skjul på at han vart både overraska og glad då meldinga kom om at han var blant dei utvalde.

Julian vart tidleg nysgjerrig på kva som gjekk føre seg på stjernehimmelen og den store gutedraumen var å bli astronaut. Då han byrja på skulen, viste han fort ein interesse for fysikk. Kvantefysikk og kvantemekanikk går ned på høgkant, og Vevik ser ikkje bort frå at han til slutt satsar på ein karriere innan faget.

– Det var fysikklæraren min som først fortalde at fylkeskommunen hadde nokre plassar på Andøya som dei stetta, og som oppfordra meg til å søkje, fortel han.

Men med ein himmelskare av søkjarar og astronomiske opptakskrav var verken trua eller håpet stort då søknaden gjekk i posten.

– Svaret på søknaden kom som ei stor overrasking, og sjølvsagt vart eg utruleg glad då eg fekk beskjed om at eg kom inn, smiler den unge bømlingen.

Spacecraft
Han fortel om travle dagar i lag med 13 jamgamle nordmenn og eit titals utanlandske studentar. Her har dei fått grunnleggjande innføring i rakettfysikk, aerodynamikk og partikkelfysikk, og dei har lært korleis satellittar fungerer og blir skotne opp.

LES OGSÅ: Vil redda birøktarane

– I tillegg har me sett på naturfenomen som nordlyset. Det har vore ei veldig innhaldsrik og spanande veke, med mange dyktige forelesarar. Til dømes hadde me ein forelesar som fortalde om jobben han hadde gjort på Cern, noko som var veldig spanande, seier han.

Cern er Den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking, og er base for mange av dei mest anerkjende forskarane innan mange ulike fagfelt.

Tyngdekraft
Sist veke starta dei engasjerte studentane å førebu oppskytinga av raketten.

– Det var mykje som måtte på plass, og først laga me nokre modellrakettar som gjekk om lag 150 meter opp i lufta. Me måtte mellom anna gjera utrekningar for å finne raketten sin bane og fart og rekne ut kor mykje luftmotstand den vart utsett for, fortel Vevik.

Avanserte dataprogram brukte fire dagar på dei kompliserte utrekningane for å simulera rakettens bane.

Onsdagen var det klart for høgdepunktet, då den største raketten skulle opp.

– Den skulle etter planen gå 8.000 meter opp i lufta, og me gjorde fleire forsøk på å få skote den opp. Diverre måtte me gje oss etter tre forsøk, seier han.

Seinare skulle det vise seg at det var problem med motoren som hindra takeoff denne gongen, og om skuffelsen var stor blant enkelte, kunne dei alle reise frå Andøya med eit minne for livet, nye vennskapsband og mange erfaringar rikare.

LES OGSÅ: Vil bruke livet sitt i kyrkja

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE