Me gjer som foreldra våre
Tek foreldra dine høgare utdanning, er sjansen stor for at du gjer det òg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stadig fleire tek høgare utdanning – men det er framleis store sosiale skilnader i kva utdanning folk tek, og kva som påverkar valet. Det skriv Forsking.no
Noko av det viktigaste for valet av utdanning er å ikkje gå ned på den sosiale rangstigen. Fleire grupper følgjer også etter foreldra sine.
LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest
– Det er relativt få som vel identisk utdanning som foreldra, men i enkelte utdanning er det ein betydeleg del som gjer det, seier professor Håvard Helland ved Senter for profesjonsstudiar på Høgskulen i Oslo og Akershus.
Han trekk fram prestisjefylte profesjonsutdanningar som legar, juristar og tannlegar som typiske grupper som følgjer etter foreldra.
Dette baserer han på studieregister for alle i Noreg fødd mellom 1955 og 1978. Av 1,5 millionar menneskjer har 600 000 av desse fullført høgare utdanning, skriv Høgskulen i Oslo og Akershus.
LES OGSÅ: Angrar ikkje på beintøft studieval
Helland og samarbeidspartnarane har funne fleire grunnar til at enkelte yrkesgrupper følgjer foreldra. Blant dei er økonomien.
– I tillegg til at eliteutdanningane gir høg løn, kan det vera økonomisk rasjonelt å velja foreldra sine fag. Det kan vera dyrt å etablera eigen praksis, til dømes som tannlege, og derfor er det lurt å arva far eller mor sin praksis, seier Helland til Høgskulen i Oslo og Akershus.
I alt er det i profesjonsutdanningane foreldra har påverka valet mest.