Skal gje viktig kunnskap om laks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne artikkelen stod først på trykk på Porten.no.

– Det er ei oppfatning av at laksen dør etter gyting, men det viser seg at opp mot 80 prosent overlever, seier seniorrådgjevar Henning Urke i INAQ. 

I førre veka var han og Torstein Kristensen i Niva i Lærdal for å gi opplæring i merking og fang og slett, samt tappa data frå lyttebøyer for dei støingane dei merka i april. Porten.no treff dei to utanfor Ljøsne klekkeri.

Det treårige prosjektet er finansiert av Regionalt forskingsfond og byggjer vidare på mykje av det som allereie er gjort i Lærdalselva. Allereie på 50- og 60-talet byrja dei å sjå på vandringsmønsteret til laksen, men no gjer dei det med ny metodikk.

LES OGSÅ: Heilt grøne på politikk

– Sett litt på spissen er det ikkje ålment kjent blant sportsfiskarar at opp mot 80 prosent av laksen overlever, men etter første gyting er dei berre halvvegs i livet. Dei kan gyta både ein og to gonger til, forklarar Urke vidare.

– Me ønskjer å talfeste at viss ein sportsfiskar slepp uti att fisken, så er det x tal sjanse for at same fisken blir tatt opp igjen, eller den kan overleva og komma tilbake og gyta til hausten. Me tar det vidare og viser overlevinga i løpet av vinteren.

Verdiskaping
Å få presisert dette med riktige tal kan vera styrande for verdiskapinga og verdien av sportsfiske. Urke viser til eit døme der ein laks som var 5 kilo og 99 centimeter vart slept uti att. Då han returnerte, var han 11 centimeter lengre og 12 kilo. 

Merket dei nyttar er eit akustisk merke på mellom 18 og 26 millimeter som er operert inn i bukhola på fisken. Rundt omkring i elv, fjord og kystnære strøk er plassert rundt 140 lyttebøyer som registrerer når merka fisk passerer.

Gjenutsett fisk får såkalla spagettimerker. Det dei håpar på er at dette skal gi informasjon om når og kor mange av støingane som returnerer og kor mange av den gjenutsette fisken som blir fanga på nytt. 

Viktig lærdom
I tillegg vart 5800 klekkerifisk frå Ljøsne klekkeri PIT-merka i 2013 for å vurdera betydninga av sjøoverleving, lakselus og klekkerifisken sitt bidrag til å oppnå gytebestansmål. 

LES OGSÅ :Syria: Eit folk på flukt

– Kunnskapen om laksen sitt vandringsmønster og liv er veldig viktig for korleis me forvaltar elva. Dette gjer me både for å vita kor mange gonger ein fisk gyter, men her i elva blir det også praktisert fang og slepp, og då er det interessant å finna ut kor mange gonger ein fisk bit på kroken, seier Lasse Sælthun, leiar i Lærdal elveeigarlag og prosjektleiar. 

– Når det gjeld fang og slepp, er det viktig korleis ein utformar reglane – om me skal halde fram med dette. Elva er ikkje friskmeldt enno, men i 2017 håpar me at ho er det, og då må me setja oss ned og finna ut om me skal halde fram med systemet me har i dag. 

«Laksofon»
Fiskarar i Lærdalsleva blir no i aller høgste grad oppmuntra til å sleppa ut att fisk som er merka, men Torstein Kristensen fortel at det er ikkje noko fiskarane er nøydde til. 

I tillegg blir dei bedne om å merke fisken dei slepp uti att med ein merkepistol. I Lærdal har dei no ein mann, Lars Oftedal Bjørum, på plass for å læra fiskarane korleis ein merkar fisk. I tillegg har dei ein eigen døgnbemanna «laksofon» som fiskarane kan ringa dersom dei lurer på noko.

Dette, fortel dei, er veldig viktig for prosjektet sin del. I ingen andre fjordsystem i Noreg har dei gjort ein så grundig jobb som den dei no held på med i Lærdal.

Tilbake til naturen
Frå ei forskarperspektiv handlar dette like mykje om arts- og stammebevaring. Opp gjennom tiåra har mange vassdrag blitt øydelagde av kraftbransjen. Den siste trusselen, som Lærdalselva også er råka av, er lakselus, som oppdrettarane på kysten får skulda for.

– Dette er noko å ta vare på, så ein er med på å sørga for at bestandstrukturen og storleiksfordelinga og kjønnsfordeling er slik den skal vera, slik den var frå naturen si side, forklarar Kristensen. 

– Me er prega av det amerikanske som seier at laksen gyter og dauar. Me har alle sett filmar av at det skjer, men det skjer ikkje her. Det er ein temmeleg stor sjanse for at han gyter fleire gonger.

LES OGSÅ: CO2 forsurar livet til havdyra

Tidlegare var ikkje dette mogleg fordi sjøfiske forsynte seg så grovt at det ikkje ville hjelpt kva dei gjorde i elva. Med ein kraftbransje og oppdrettsbransje som skuldar på kvarandre er det no elveeigarlaget som sit med styringa i Lærdal.

Meir kunnskap
I tillegg vil dette føra til betre dokumentasjon, som ein igjen kan bruka som eit slags salsargument innan sportsfiske. 

– I Alta sel dei sjansen for å få ein laks på over 20 kilo. Med dette prosjektet kan me seia at me forventar så og så mange laks over 15 kilo til dømes. Då har du eit produkt, og då er det opp til fiskarane å ta den laksen, seier Urke. 

Dessutan er dette kostbare prosjekt, så det å halde på i blinde, er ganske så bortkasta.

– Klekkeriet i Lærdal har vore i drift i 42 år, men dei har ikkje sett på prestasjonane til den fisken. I 2009 byrja me å sjå på korleis den presterer mot villfisken, og med den informasjonen kan me seia at fisken skal setjast ut der og der og kanskje tre veker før ein vanlegvis plar setja han ut. Då vil me vita kor mange som overlever.

Difor er det hengt opp informasjonsark fleire stader i elvene, der ein blant anna ber fiskarar om å setja fisken uti att på ein skånsam måte, og at dersom ein tek fisken, så rapporterer ein dette inn og sender inn at merket.

LES OGSÅ: Grøn medvind i distrikta