Målungdomen er på ingen måte arbeidslause

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk Målungdom har sumarleir på Osterøy denne veka, og på laurdag er det klart for festmiddag med den tradisjonelle melodikappleiken og sentralstyreovertaking. Nokre er på veg ut av sentralstyret, andre på veg inn, og nokre held fram som før. Sjølv går eg frå å vere skrivar til å bli leiar. Det vert krevjande, men fyrst og fremst er det noko eg ser veldig fram til. Kvar dag skal eg få jobbe for språket som eg er so glad i, saman med ein flott, kunnskapsrik gjeng.

LES OGSÅ: Stemningsrapport: Nynorsk sommarleir

Det komande året skal me halde fram med det gode målarbeidet og jobbe for å vinne nye kampar. Me skal gjere det enklare å vere nynorskbrukar, og me skal jobbe for å få ei meir reell likestilling mellom bokmål og nynorsk. Me må skape trygge nynorskbrukarar som er stolte av språket sitt. Dei må få sjå språket sitt meir i kvardagen, og verte medvitne om at språket deira er like mykje verdt som noko anna språk. Me ser at nynorskelevar i randsonene skiftar frå nynorsk til bokmål i overgangen til anten ungdomsskulen eller den vidaregåande skulen. Det kan verke som om mange slår seg til ro med at slik er det berre, men bokmålet kjem ikkje av seg sjølv.

Gjennom heile oppveksten vert me påverka av bokmål. I barnehagar i tjukkaste nynorskland lærer borna songar på bokmål, i skulen må elevane kjempe for retten til lærebøker og eksamen på nynorsk, og studentar får eksamensoppgåver på nynorsk fulle av skrivefeil. Slik skal det ikkje vere, og slik treng det ikkje vere. Mykje av dette handlar anten om dårlege språkhaldningar eller manglande språkleg medvit. Det viktigaste me kan gjere er å spreie kunnskap for å auke det språklege medvitet hjå folk flest.

LES OGSÅ: Løft blikket, Riksmålsforbundet!

Born kan like gjerne syngje «Bæ, bæ lille lam» på nynorsk i barnehagen. Me må ikkje undervurdere den språklege påverkinga små born vert utsette for. Denne påverkinga skaper grunnlaget for dei som språkbrukarar seinare i livet. Elevar i skulen må få vite kva for språklege rettar dei faktisk har, og skulen må vite kva for ansvar dei har for å byggje opp sikre språkbrukarar og for å ta vare på elevar som er i språkleg mindretal. Studentar må òg få vite kva for rettar dei har. Ein kan ikkje godta at utdanningsinstitusjonar ikkje tek nynorskstudentane på alvor og ikkje oppfyller det studentane har krav på.

Det er mykje som går bra for nynorsken, men det er på ingen måte slik at me i Norsk Målungdom er arbeidslause. Mykje må gjerast, og dette arbeidet skal me halde fram med med ny giv etter ei veke på sumarleir saman med fantastiske målungdomar og mykje fagleg påfyll.

LES OGSÅ: Frp-ar vil styrka nynorsken i Stavanger