– Ein illusjon at vi kan halde fram som før

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Ein augneblink, berre.

Eit kvitt skjegg med svart aplelue lener seg over eit bord i hjørnet på Kafe Blom på Høyden i Bergen. Nokre setningar vert utveksla med klimaforskaren Helge Drange.

– Drange er ein våre mest framståande og dessutan ein eksepsjonelt tydeleg klimaforskar, skryt skjegget etterpå, på ei dialekt med drypp frå Lofoten, Sunndalsøra, Stord og Bergen.

Den pensjonerte bibliotekaren Halfdan Wiik likar tydelege klimaforskarar, som strekar under alvoret i klimaendringane. Endringar han sjølv tek på det djupaste alvor. Han er initiativtakar til og leiar i Besteforeldrenes klimaaksjon og trur løysingane på klimautfordringa vil kome frå grasrota.

LES OGSÅ: Korleis kan lokalvalet bli eit klimaval?

– Sjølvmotseiande politikk
– Sidan 1990 har vi visst nok til å handle, men vi har skyvd situasjonen framføre oss, og no er den jævla mykje meir alvorleg. Det er ikkje vanleg at besteforeldre engasjerer seg politisk, men vi må. Som medlem av dessertgenerasjonen har vi eit stort moralsk ansvar.

I 2006 tok Halfdan initiativ til Besteforeldrenes klimaaksjon, som sprang ut av Framtiden i våre hender. I dag har aksjonen kring 1200 medlemmer frå heile landet. Særleg vart besteforeldrene ein snakkis i 2011, då dei i kjølvatnet av Statoils tjæresandsprosjekt i Canada rykka inn ein annonse i ei kanadisk avis og orsaka Statoil si framferd i landet. Seinare har besteforeldrene mellom anna vore intervjua av den amerikanske nettavisa The Huffington Post.

Ifølgje intiativtakaren er dei den største aksjonen av sitt slag i verda. Bakteppet er klimaendringane.

– Klimaendringane er eit globalt problem, som i første omgang rammar andre enn oss i dette rike og stabile landet. Men vi er ein del av verda, og ikkje minst av den globale økonomien. Det er rimeleg risikabel business å byggje ned vårt landbruk, og gjere oss avhengige av stadig meir import, når matproduksjonen er venta å gå ned på verdsbasis. Helseproblem og flyktningstraumar frå krig og elende er andre konsekvensar som vil innhente også oss.

LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly

Halfdan meiner vi står overfor nokre ubehagelege val.

– Noreg kan vere med å løyse klimaendringane på to måtar. Ved å kutte ned på eigne utslepp og ved å avgrense kor avhengig økonomien er av olje og gass. Det er ei sjølvmotseeing i norsk politikk. Vi vil så gjerne vere best i klimaklassen. Likevel går utsleppa opp og vi satsar for fulle muggar på olje. Vi kan ikkje halde fram med å seie ja takk, begge deler, seier han.

Engstelege småbarn
Halfdan har to barnebarn på 6 og 10 år.

– Eg håpar dei får leve i eit samfunn der klima- og miljøendringane er under kontroll, som er prega av grunnleggjande tryggleik for framtida. Ikkje som i dag, når sjølv små ungar er engstelege.

Dette samfunnet er det ikkje politikarane som vil skape, trur den erfarne aktivisten.

– Det er ikkje i partia ein finn nye måtar å tenkje på. Ser ein på kva krefter som har forma samfunnet dei siste 200 åra, så kjem dei som regel frå grasrota. Politikarane held fast i løysingar som ikkje inneber å revurdere for mykje, og engasjerer seg helst i saker dei er trygge på. Det er eit alvorleg hinder for å løyse klimaproblema, meiner Halfdan.

LES OGSÅ: – Me er godt utskjemde

Han løftar fram lekmannsrørsla i norsk kyrkjeliv, arbeiderrørsla, fredsrørsla og kvinnerørsla.

– Kvinnerørsla byrja ikke med Gro Harlem Brundtland. Alle rørslene som sprenger rammer har kome nedanfrå, og dei har teke tid, seier han.

Eit paradigmeskifte
Halfdan tilhøyrer dei som ikkje kjøper påstanden om at vi kan halde fram med same velstands- og forbruksauke, og samstundes ta omsyn til klimaet. Han trur vi treng eit reellt paradigmeskifte.

– At vi kan halde fram med den same velstandsauken og det same forbruket berre ved å bruke meir fornybar energi, er ein stor illusjon. Potensialet i fornybar energi er stort, men det har også ein pris, som at det kjem i konflikt med landskapsomsyn.

Vi må dermed ikkje berre finne andre energiformer, men også å bruke mindre energi, ifølgje bestefaren.

– Vi kan gjere mykje ved å bruke energi smartare, men det vil ikkje vere nok. Det vil også vere naudsynt med ein meir nøktern livsstil, der ein legg til grunn ein lågare ressursbruk, større omsyn til landskap og natur, og at ein kanskje ikkje kan kjøper nye sko kvar månad. Slike endringane byrjar i det små, og dei går ikkje fort.

Ein forsiktig optimist
Å vere pessimist er både enkelt og billeg, ifølgje Halfdan. Sjølv gir han mest inntrykk av å vere ein forsiktig optimist.

– Vi veit at globale klimaendringar er forårsaka av menneska, og at vi hemningslaust har utnytta ressursar som skapar klimaendringane. No kan vi anten velje å lukke augo, eller å solidarisere oss med våre barnebarn.

Dét siste er ikkje eit utenkjeleg val, meiner han.

– Dei fleste menneske er veldig moralske når det kjem til stykket. Vi kunne til dømes ha valt å bruke Oljefondet på oss sjølve, ha ti bilar kvar og reise til Syden ti gongar i året. Men vi har ikkje gjort det, fordi vi tenkjer ansvarleg og på det beste også for dei som kjem etter oss. Den same tankegangen vi har forvalta Oljefondet med, kan vi bruke med omsyn til miljø og klima. Det er eigentleg ganske ukontroversielt, sjølv Frp er einige i handlingsregelen, seier Halfdan, og legg til:

– Til sist handlar det om kjærleik og optimisme. Utan kjem vi ingen veg.

LES OGSÅ: Kor berekraftig er du?