Heilt grøne på politikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Porten.no

Sidan førre kommune- og fylkestingval har Miljøpariet Dei Grøne (MDG) verkeleg vakse fram i Sogn og Fjordane og gått frå eitt til ni lokallag. Eitt av desse er i Årdal.

Det betyr at til hausten har veljarane eit grønt alternativ å røyste på. Politikarane er også ganske grøne, må dei innrømma, men Torunn Todal Laberg, som er nummer tre på lista, seier dei har eit brennande engasjement dei tek med seg.

LES OGSÅ: Grøn medvind i distrikta

– Det me ønskjer er at folk skal veta at me meiner noko med dette. Det handlar ikkje om makt, det handlar om saker. Me har lyst til å oppnå noko og utgjera ein forskjell, seier ho.

Porten.no treff ho og Sandra Opheim, nummer to på lista, på Ytremoa, ein passeleg stad å treffa to miljøbevisste politikarar. Rundt oss leikar ungar i trea.

– Naturen er tilgjengeleg for alle, gratis å bruka og inviterer til fysisk aktivitet og kreativitet. Ungane treng ikkje så veldig mange leikeapparat for å leika ilag og utvikla venskap, seier Opheim.

LES OGSÅ: Vil gje veljarane i Årdal eit grønt alternativ

Høgt forbruk
Og det er nettopp naturen som er essensen i politikken MDG har planar om å føre i industrikommunen Årdal. Det handlar ikkje nødvendigvis om politisk vedtak som skal endra morgondagen, men heller meir åra som kjem.

– Me er nøydde til å få ned forbruket vårt, til dømes berre i Årdal så ligg hushaldningsavfallet til enkeltpersonar langt over landssnittet og 60 prosent over fylkessnittet. Me kastar faktisk over 600 kilo i snitt per innbyggjar. Det må ned, seier Opheim.

– Miljøsaka skal vera grunnleggjande for kva standpunkt me tar i enkelte saker. Er dette bra for miljøet? Det skal styra den praktiske politikken. Ein tek eit langsiktig perspektiv, men samstundes må me handla no, legg ho til.

To tankar samstundes
Men korleis let dette seg overføre til eldreomsorg, korleis ein driftar skular og kva tilbod ein skal gje i kommunen?

– Det går an å ha to tankar i hovudet samstundes. Dette med miljø er eit globalt ansvar. Me lever i eit land der me har det så utruleg bra. Folkehelse og folk i naud må sjølvsagt koma først, men samstundes har me eit globalt ansvar for å ta vare på kloden vår. All forsking fortel oss at me er på veg utfor stupet.

LES OGSÅ: To nye parti med listeframlegg i Årdal

– Då er det viktig i den politiske debatten at me har nokon som tørr og klarar å vera ei stemma for miljøet sjølv om ein sjølvsagt må tenka på menneska og det livet me skal ha her og no.

Frivillig arbeid er viktig
Opheim forklarar at hjå dei står frivillig arbeid sterkt.

– Det er ikkje bygningar og det materielle som er viktig, men kor mykje ein kan gjera ved hjelp av frivillig arbeid, og då har ein dette med å skapa gode, sosiale møteplassar. Kvifor ligg aldersheimen for seg, skulen for seg og barnehagen for seg?

– Viss ein samlar dei tre, er det lettare å skapa grobotn for frivillig arbeid der eldre møter dei unge. Det kjenneteiknar Dei grøne sin velferdspolitikk, seier ho.

Dei løftar fram Gamleskulen i Øvre Årdal som eit godt døme på deira type politikk.

– Symbolsk passar den så godt med det me vil med samfunnet. Det handlar berre om få folk tettare ilag, og så handlar det om å tenkja kortreist og berekraft heile vegen, seier Laberg.

– Dårleg økonomisk styring
Per i dag er Årdal kommune på Robek-lista og har slete økonomisk dei siste åra. Meiningane og forklaringane er mange på kvifor det er slik. Dessutan er det ein kommune som tradisjonelt har hatt to av alt.

– Politikarane har fått styr på den økonomiske situasjonen. Dei har klart å gjera veldig mykje, men ein må halde fram med slike grep, og det er klart det er vanskeleg i ein kommune som er vant til å vera rik og ha to av alt.

– Men me er motiverte til å vera med og ta vår del av ansvaret. Me har ikkje gått inn i budsjettet og sett på kor me kan flytta pengar. Det er ein sekk med pengar me har, og ein får ikkje meir eller mindre. Politikarane har gjort mykje, men i utgangspunktet var det dårleg økonomisk styring som sette kommunen i den situasjonen, seier Opheim.

Tøffare prioritering
Miljøpartiet Dei Grøne er eit ferskt parti i Årdal, som er ein spesiell kommune i Noreg på mange måtar. Det er ein kommune der industri står veldig sterkt, og politisk er det Arbeidarpartiet som regjerer klart. Men kva om det var MDG som hadde sete med makta i alle år?

– Eg trur me vil tørra å prioritera område. Slik som det er no er det litt ostehøvelprinsippet, at dei ikkje har tørt å gjera prioriteringar. Eg trur Dei grøne ville prioritert tidlegare, fortel Opheim.

– Men me hadde også vore audmjuke og bedt om hjelp for me ville invitert andre til samarbeid. Me hadde ikkje trudd at me ville ordna alt åleine. Me håpar at me kan vera eit alternativ i politikken og vera på å påverka Årdal i ei grønare retning.

LES OGSÅ: «Shit, dette kjem til å skje»