– Dette er prisen idretten betalar

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det fins ei viss siling. Sei at ein spelar er ganske god, eit talent som kunne blitt veldig bra. Men han føler som han gjer. Han oppdagar at han er homofil når han er unggut, og kanskje aktuell for rekruttlag eller juniorlandslag. Han tenker at dette er for skummelt for meg, eg tenner på menn, og eg har lyst på ein kjærast, seier Heidi Eng til VG.

Ho er førsteamanuensis ved Diakonhjemmet Høgskole og den einaste i Norge som har teke doktorgrad på homofili i idretten. Eng trur at faren er stor for at mange fotballspelarar melder seg ut av idretten om dei får slike tankar i ung alder.

– Talent droppar ut. Det er prisen idretten betalar, seier ho til avisa.

LES OGSÅ: Lite homosex i norske skulebøker

Kontrollbehovet slår inn
Sjølv om det ikkje fins opne homofile i norsk toppfotball er Eng likevel sikker på at dei fins. Ho trur det er tre årsakar til at ein fotballspelar syns det er skummelt å kome ut av skapet som homofil.

– Først og fremst veit ikkje den som står fram korleis det vil bli tatt i mot. Utøvarane er oppteken av å prestere, å ha ei karriere og å lukkast  – og logikken for desse er at dei styrer unna alt som ikkje kan kontrollerast. Kjem dei ut av skapet, har dei ikkje situasjonen under kontroll. Ingen har gjort det før, og det er menneskeleg heilt forståeleg at dei tenker slik, seier Eng.

Forskaren trur også at ein fotballspelar på toppnivå vil vere såpass oppteken av å prestere at han ikkje vil risikere å gjere noko som vil gå utover det sportslege. Den tredje årsaken er korleis reaksjonane kan bli om ein spelar vel å komme ut av skapet.

– Ikkje nødvendigvis fordi dei er redde for lagkameratane eller trenaren, kanskje veit dei det alt, men det er det ukontrollerbare som er problemet, som til dømes media. Den første som kjem ut kan kome til å oppleve det som utruleg moro, litt sånn «yes, endeleg», men han veit ikkje korleis det blir. Kanskje vil han få mykje hets også, seier ho.

LES OGSÅ:Gutar taklar mobbing med idrett

Eng meiner det store presset frå media om at nokon snart må kome ut av skapet i fotballen er uheldig.

– Det blir heilt feil. Det kan trykke dei meir inn i skapet. Det ein bør gjere er å seie at «vi gler oss til den dagen nokon står fram», i mellomtida må vi passe på at trenarane og spelarane oppfører seg bra, seier ho til VG.