Vestlandet på festivaltoppen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Best på festival i vest

Ingen andre fylke har så mange musikkfestivalar som Hordaland. Og i forhold til folketalet toppar Sogn og Fjordane listene, viser tal som Framtida.no har henta inn.

Berre i Hordaland er det minst 31 musikkfestivalar, medan talet for Sogn og Fjordane er minst 12, ifølgje Brak. Også på listene over tildelingar frå Kulturrådet og medlemmer i Norske konsertarrangører er festivalane i Hordaland og Sogn og Fjordane på topp.

– Me er best på fest. Hordaland er jo eigentleg eit ekstremt festivalfylke, seier Sigvard Madsen, festivalsjef for Tysnesfest. I fjor selde Tysnesfest 23.000 billettar, og er med det ein av dei største festivalane på Vestlandet. Tysnesfest startar onsdag, og i løpet av festivalen blir folketalet i kommunen med knapt 3000 innbyggjarar mangedobla.

LES OGSÅ: Malakoff med sterkt program

Avhengige av publikum
Festivalsjef for Malakoff Arnt-Ivar Naustdal trur måten Sogn og Fjordane er organisert er ei av årsakene til at det er så mange festivalar i fylket.

– Festivalar har blitt identitetsskapande og ein positiv aktivitet for bygda. Samstundes må ein ha folk som er villige til å gå på festival. Det har kome mange bra festivalar i regionen, og mange av oss samarbeider godt og lærer av kvarandre, seier han.

Ikkje alle tek vare på helsa på festival. Sjå kva deltakarane på Malakoff 2014 var mest oppteken av:

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa

Viktige eldsjeler
– Eg trur det er kombinasjonen av eldsjeler og utruleg natur, seier Karen Sofie Sørensen. Ho er dagleg leiar i Brak, interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ho understrekar at det er eldsjelene som er viktig for å starta festivalar.

– Mykje er basert på frivilligheit og støtte frå kommunane, seier ho.

Sørensen trur òg Bergen har vore viktig for mange.

– Mange festivalar har blitt starta av unge som har tilhørsle til ein stad, og som har skaffa seg erfaring frå Bergen.

LES OGSÅ: Utkantfestivalar med suksess

Færre i Rogaland
Sjølv kjem Karen Sofie Sørensen frå Rogaland, og ho fortel at det er fleire frå Rogaland som kommenterer den store forskjellen mellom vestlandsfylket i sør og naboane lenger nord.

Ho er usikker på kvifor det ikkje blir arrangert fleire festivalar i Rogaland, men nemner at det ein ikkje har klart å laga til ein skikkeleg byfestival i Stavanger.

– Ein har ikkje så mange miljø rundt i Rogaland som påverkar andre. Det er ikkje så mange som kan dela erfaringar med andre vidare rundt i fylket, trur ho.

Håkon Vatle, festivalsjef for Stordfest og bransjefestivalen 100dagar, seier til Framtida.no at han er spent på korleis utviklinga i Rogaland vil vera etter nedgangen i oljebransjen.

LES OGSÅ: Oljedominans i festival-Noreg