Sidemålsforsøk – igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bystyrerepresentant Kristoffer Gustavsen frå Høgre har kome med framlegg til bystyret om ei ny prøveordning med valfritt sidemål. Det skriv Klassekampen onsdag, der han saman med gruppeleiar Øystein Sundelin legg fram saka.

Tidlegare har Oslo gjennomført eit prøveprosjekt. Frå 2004 til 2007 fekk nokre Oslo-skular ha valfritt sidemål. Samstundes vart det pedagogiske opplegget endra, og evalueringa er difor omstridd.

– Det førre prosjektet var avgrensa, og resultata var ikkje eintydige nok til å trekkja konklusjonar. Me ønskjer difor eit betre grunnlag for avgjerder, seier Gustavsen til avisa.

Målet hans med forsøket er at elevane skal verta betre i hovudmålet. Det er ikkje professor i nordisk ved Universitetet i Tromsø, Øystein A. Vangsnes, samd i.

– Internasjonal forsking tilseier at det å vera eksponert for språkleg variasjon – altså innanfor ramma av eige språk – aukar det språklege medvitet. Det tilseier at sidemål gjev betre hovudmål, fortel han til Nynorsk pressekontor.

Vil heller ha framandspråk
– Me meiner at skuletida kan brukast på meir fornuftige ting enn pugging av grammatikk og å bla i ordboka, seier Sundelin.

Gruppeleiaren meiner at dei ikkje vil ha Ivar Aasen ut av skulen, berre ordboka. Han meiner framandspråk bør overta tida brukt på sidemålsundervisning.

– Det løner seg å læra fleire språk, men me meiner det bør vera framandspråk framfor sidemål. Me vil heller at ein skal byrja med engelskundervisning tidlegare og gjerne andre framandspråk òg, held han fram.

LES OGSÅ: Nynorsken mistar fotfeste – Mållaget ropar varsku

Vangsnes, derimot, meiner ein ikkje kan erstatta sidemålsundervisninga med framandspråk.

– Tida brukt på sidemål er lita og det er ein del av norskfaget. Denne tida kan ikkje utan vidare takast ut av norskfaget og brukast på framandspråk. Vidare er det slik at auka språkleg medvit, som sidemålet gjev, er ein fordel i møtet med framande språk, seier han.

Noregs Mållag deler heller ikkje oppfatninga til Høgre og meiner slike prøveprosjekt er ein fordekt måte å sleppa nynorsk.

– Dei har prøvd det før og det viste ingen effekt, seier leiar Marit Aakre Tennø til Klassekampen, og legg til:

– Sidemålsundervisning handlar om at me har to språk i Noreg, og det er viktig at alle har innsikt og kunnskap i begge for at alle skal få oppfylt sine språklege rettar. (©NPK)

LES OGSÅ: – Meir sidemål fungerer betre enn fritak