– Eg håpar det blir solbrillevêr!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klar for konsert 753 moh

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

Åsane-guten Lars Vaular er høgaktuell for tida. Han er ute med nytt album, nygift og nyfrisert, og i morgon står han – viss vêrgudane spelar på lag – fyrst på Tysnessåta, og deretter på scenen på Gjerstad.

Fiskeminne frå Tysnes
Åsane er ikkje langt frå Tysnes. I alle fall ikkje for tysnesingar. Motsett veg er avstanden kanskje litt større.

– Har du vore på Tysnes før?

– Eg trur det, i min ungdom eller barndom. Men eg er litt usikker. Eg veit sånn omtrent kvar det ligg. Frå Halhjem, seier du? Ja, då veit eg kvar det er. Eg trur eg vitja ein kompis si hytte der ein gong, for kring 17 år sidan. Så eg har sikkert vore der og fiska og bada i eit vatn.

LES OGSÅ: Vaksne Vaular

Kryptisk musikk
Den 30 år gamle rapparen, som har sunge på bergensdialekt sidan 2003, sleppte for ein månad sidan albumet «666 GIR» den andre delen av ein serie av minialbum. Det fyrste, som kom ut i februar, heiter «666 ALT».

– Kva handlar det nye albumet om?

– Musikken min handlar veldig mykje om fleire ting på ein gong; at alt ikkje er slik som ein trur ved fyrste augekast. Ein av songane på albumet er til dømes ein ballade. Slik høyrest det i alle fall ut. Men eigentleg handlar den om heimelaga pornofilmar. Det er ei knallbra plate, som eg kan tilrå, seier han spøkefullt.

Lars Vaular – Nonsens from André Chocron on Vimeo.

Snart ei erfaring rikare
Om ei veke skal han opptre på Tysnes, og han lovar publikum ein variert opptreden med både gamle og nye songar.

– Eg vil jo spela så mykje som mogleg, seier han med ein liten latter.

Vaular er dessutan trekkplasteret som Tysnesfest vonar skal trekkja minst 753 personar til såtekonserten. Rapparen innrømmer at han ikkje heilt veit kva han har sagt ja til, men legg til at han gler seg veldig.

– Det blir veldig spanande. Eg har aldri spelt på eit fjell før.

– Kva tenkte du då du vart spurt om å opptre på fjellet?

– Eg tenkte, kvifor ikkje? Viss det er det arrangørane vil, så er det heilt greit for meg. Men i mi erfaring plar det ikkje vera så mange folk på fjelltoppar, så eg veit jo ikkje om eg får noko publikum. Men eg håpar sjølvsagt at det kjem nokon, og at vêret er bra. Vêret er nok ute av min kontroll, men så lenge eg har lyd, skal eg få til noko.

LES OGSÅ: Lars Vaular får Dialektprisen

Imponert over Tysnesfest
Vaular medgjev at han ikkje veit så mykje om Tysnesfest – «eg veit at eg skal spela der – eg håpte vel eigentleg at du kunne fortelja meg litt om det» – men han let seg fort imponera når han får høyra om festivalen, som no er inne i sitt niande år.

– Det høyrest veldig ambisiøst ut. Det er jo eit veldig variert program, med noko for heile familien. Det høyrest heilt nydeleg ut, seier han.

Men noko familietur til festivalen vert det ikkje for den nygifte småbarnsfaren i år.

– Kor lenge skal du vera på Tysnes? Og har du andre planar medan du er her?

– Eg skal berre vera der den eine dagen, så dreg eg heim att til familien. Det plar ikkje bli så mykje tid til å sjå seg rundt når eg opptrer ein plass.

– Har du nokre sommarferieplanar, då?

Vaular tenkjer seg om, før han litt nølande svarar:

– Ja. Det har eg.

Så ler han, og legg til at han vonar det blir solbrillevêr under festivalen, og at mange tek turen på fjellet i morgon.

Lars Vaular – Søster sol (Solbriller på) from Kristian Berg on Vimeo.