Her speler Lars Vaular 753 moh

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år som i fjor byr Tysnesfest på noko heilt spesielt, og inviterer til konsert med Lars Vaular på Tysnes sitt høgaste punkt.

Festivalen satsar på ei gjentaking av fjorårets suksess. Over 500 personar tok turen til Tysnessåta under Oslo Ess-konserten i fjor sommar.

– I år er målet å få endå fleire ut og til fjells, og å nå det «magiske» talet 753 – høgdemetrane konserten skjer på, fortel festivalsjef Sigvard Madsen.
Uventa tradisjon

I ei pressemelding opplyser Tysnesfest at det aldri var meininga at «Såtekonserten» skulle verta ein tradisjon.

– Det skjer i år igjen mest fordi det var eit så sterkt ynskje om det frå publikum. I tillegg har me fått med ein fantastisk artist, og det er friluftslivets år, så då vart det slik. Og etter to år kan me vel kalla det ein tradisjon? undrar Madsen, men legg til at det ikkje er godt å seia om det er ein tradisjon som kjem til å halda fram.

LES OGSÅ:Rapparar har vorte ein ressurs i skulen

Håpar på 753 sprekingar
Festivalsjefen opplyser vidare at konserten skjer med atterhald om at eksterne faktorar kan spela ei stor rolle. Det berømte vestlandsvêret er som kjent ikkje alltid heilt påliteleg.

– Me lyt avlysa konserten viss det til dømes kjem ein syndeflod og vêret er heilt ubrukeleg, seier han, og held fram:

– Men Såtekonserten er jo ein del av heilskapen, og me ynskjer så langt det let seg gjera å avvikla den, for å syna fram den flotte naturen me har på Tysnes.

For målsetjinga er å trekkja endå fleire folk til fjells i år enn i fjor. Knappe 200 personar meir er det som skal til for å nå målet om 753 registrerte personar på toppen.

LES OGSÅ:Lars Vaular får Dialektprisen

Vaular i vinden
Og Lars Vaular, rapparen og låtskrivaren frå Åsane, er kanskje det trekkplasteret som skal til.

Vaular samarbeidde tidleg med store namn innan musikkindustrien, og debuterte som soloartist med «La Hat – Et nytt dagslys…» i 2007. Då hadde han allereie fleire utgjevingar bak seg i duoen Tier’n og Lars.

Som soloartist har han hatt ei mengde hits opp gjennom åra, som «Øynene Lukket», «Nonsens», «Solbriller På» og «Rett Opp og Ned». Han har vunne tre Spelemannsprisar og vorte tildelt fleire prisar for sine norskspråklege tekstar. Han har rappa på bergensk sidan 2003.

Vaular kom i februar med nytt album, «666 Alt», som er fyrste del av ein albumserie. «666 Alt» inneheld mellom anna låtane «Ung heit gateflamme», «DD Eg Gjør» og «Bodyslammin’», og har fått fantastiske kritikkar. 2015 vert spådd av kritikarane til å verta litt av eit «Vaular-år».

Torsdagskvelden under Tysnesfestveka står Vaular på scena på Gjerstad, uansett vêr.

Les saka på tysnesbladet.no!