I «Nemo’s Garden» veks det jordbær seks meter under havoverflata. No vil selskapet at andre skal eksperimentera vidare med teknologien deira.

mm

Med jamn temperatur, høg luftfuktigheit og konsentrerte dosar CO2 leverer undersjøiske drivhus ideelle vekstvilkår for tradisjonelle landplantar.

LES OGSÅ: Sjøpølser skal stiva opp sexslivet

CO2-steroidar
Ideen til prosjektet «Nemo’s Garden» kom då Sergio Gamberini, leiar i dykkeutstyrsfirmaet Ocean Reef Group, var på ferie for nokre år sidan.

Dei fem prototypdrivhusa ligg no på seks meters djup og er forankra kring 100 meter frå land utfor Noli i Italia. Temperaturen innvendig ligg jamt på 26 C, luftfuktigheita er på heile 83 prosent og det høge CO2 nivået fungerer som steroidar på veksta.

I dag dyrkar dei både basilikum, salat, jordbær og bønner i dei flytande drivhusa.

–Me mista avlingane våre fire gongar, men det har ingenting å seia fordi dei veks så fort, fortel Luca Gamberini til Washington Post.

LES OGSÅ: EAT og landbruket lanserer klimasamarbeid

Akvariumdrivhus
I havet har drivhusa trekt til seg både blekksprutar, sjøhestar og krabbar.

I dag får Ocean Reef Grouplov å ha drivhusa i vatnet frå mai til september. Håpet er at ekseprimentet vert så vellukka at dette vert ei ny form for jordbruk med mindre påverkning på miljøet.

Fleire selskap har meldt si interesse, men oppfinnaren har så langt avslått å selje teknologien sjølv om dei er avhengige av sponsorar for å forske vidare.

Firmaet planlegg å setja i gang kronerulling for å vidarefinansiera prosjektet og vil lansere akvariumversjonar av drivhusa slik at andre kan eksperimentera vidare i mindre format.

– I framtida, vil det definitivt verte økonomisk berekraftig. Eg ser moglegheiter for utviklingsland der tøffe forhold gjer det vanskeleg for plantar og vekse, seier Luca Gamberini.

Her kan du sjå live-bilete frå drivhusa:


Broadcast live streaming video on Ustream

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE