Til hausten skal klesmerket We Norwegians designa av Tove Beate Grane seljast i butikkar i USA.

Ingrid Nordbye-Antonsen, Porten
Ingrid Nordbye-Antonsen, Porten

Saka var først publisert i Porten. 

Då We Norwegians synte fram haustkolleksjonen på mote- og livsstilsmessa Liberty Fairs i Las Vegas tidlegare i år, fekk dei napp hjå nokre innkjøparar på den amerikanske marknaden.

LES OGSÅ: – Hipt å vera skandinavar i USA 

– Me gjorde ikkje så mange avtalar på førehand, men det var mange som var innom og såg på produkta, seier Grane på telefon frå Toscana i Italia, der ho i desse dagar er travelt oppteken med garnmessa Pitti Filati og leverandørbesøk.

Messe-maraton
For å få merksemd i USA er det viktig å vere der dei riktige beslutningstakarane er. For We Norwegians og Grane sjølv er det viktig å plukke ut leverandørar som passar til konseptet og hennar design.

– Det har med merkevarebygging å gjere, og har mykje å seie for tida framover.


I juli og august er Tove Beate Grane og resten av teamet bak We Norwegians på verdskjende motemesser i New York og Las Vegas for å promotere vår- og sommarkolleksjonen for 2016. Foto: Virre Dahl. Modell: Karoline Hegrenes. 

I midten av juli byrjar motemessa Project i New York, og her skal Grane og resten av teamet syne fram sommarkolleksjonen for 2016. Månaden etter er dei på plass på same messe i Las Vegas. Kolleksjonen er inspirert av den norske kysten og den maritime kulturen, og inkluderar mykje striper.

– Eg oppdaga faktisk at ein av dei fyrste strikkegensarane som vart nytta her i Noreg, hadde ein maritim look med striper. Så det er her eg har henta inspirasjonen frå, og ikkje frå Frankrike slik mange kanskje trur, ler ho.

LES OGSÅ: Designa klede av lakseskinn 

Skil seg ut
Å nytte ullkle på sommaren kan vere vanskeleg å forstå, til og med for hardbarka nordmenn som har vore ute ei vestlandsk natt før.

– Dette er jo tynn og lett merinoull,  og ikkje slik ein ser i tjukke strikkegensarar. Ull er med på å halde varmen ute, seier Grane og gjev eksempel på at enkelte stadar i Afrika nyttar dei helst ull om dei får anledning.

Ho påpeikar at for å kunne kome seg inn på den internasjonale marknaden må ho lage produkt som kundar ser ein bruksverdi i. For ein amerikanar er den tradisjonelle, norske strikkegensaren som oftast synonymt med skiturar og hytteliv. Difor ynskjer klesdesignaren å skyve grensene og skilje seg ut i mengda. Responsen Grane har motteke hittil er utelukkande positiv. – Me vert fortald at dette er nytt, annleis, norsk og anvendeleg.

Klesdesignaren frå Årdal legg ikkje skjul på at den internasjonale marknaden ser på norsk mote som litt traust og med eit design som berer preg av gamle husflidstradisjonar. – Me skal vere stolte av å vere norske, altså, men tekstildesign i Noreg heng litt etter ute i den store verda, seier Grane. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE