– Hipt å vera skandinavar i USA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på Porten.no.

Telefonlinja over dammen er klokkeklar, og Årdalsgründer og designar bak klesmerket We Norwegians, er godt nøgd med mottakinga då ho synte fram kva som kjem i butikkane haust og vinter 2015. 

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

Moteveke med kjendisane
I Las Vegas er det moteveke, og ei mengde varemesser for alt ifrå hip hop og streetwear til klassiske herreklede der kvalitet står i fokus.  

– Innhaldet på messa eg deltok på er tufta på tradisjonar og godt handverk. Butikkane som kjøper inn varer frå deltakarane på messa er opptekne av kvalitet. Mellom anna hadde messa ein eigen herresalong, ein såkalla «Barber», og ein stand der ein kunne pusse skoa sine, fortel Grane. 

Mike Tyson var også innom same messe som Grane.

– Han kom gåande forbi i går. Det vart dumt eg ikkje fekk hempa tak i han for å ta ein sjølvi. Eg måtte le litt etterpå. Det var jo heilt merkeleg å oppleva. Eg som er frå ei lita bygd på Vestlandet, seier Grane medan ho gluggler. ​

LES OGSÅ: Moods of Norway vil ta New York

Satsar i USA
Sidan klesmerket er såpass fersk hadde ikkje Grane gjort store førebuingar før Amerika-turen. Likevel sikra mellom anna dei to butikkane til Ron Robinson / Fred Segal i Santa Monica og i Melrose i Los Angeles seg kleda i merinoull. Butikken i Melrose ligg tett på Beverly Hills og West Hollywood, og er omringa av "high-end" butikkar, designarar og restaurantar. 

– Eg trur eg aldri har sett så fine butikkar. Det var så mykje flott, eg fekk nesten hakeslepp. Me er veldig heldig som har kome inn der, seier Grane entusiastisk. 

– Eg ser nettsida til We Norwegians er på engelsk. Satsar du bevisst mot utlandet?

– I år konsentrerer me oss om USA. Klimamessig er mange område her like som i Noreg. Det er ein smal marknad for ullprodukt i Noreg, og ved å koma oss inn på den amerikaske marknaden vil kleda få ein større marknad no i starten. Her er det også ein større marknad for den prisklassa me legg oss på. I tillegg har eg mykje slekt og vener her borte, difor kjendes det naturleg å starte i USA, fortel ho. 


Ron Robinson/ Fred Segal vil føre We Norwegians frå hausten 2015. Foto: Finn Burrows 

LES OGSÅ: Jo Nesbø populær i USA

Grønt og framtidsretta
– Men det er ikkje akkurat billige klede?

– Me er ikkje av dei dyraste heller. Det skal vera klede med verdi og kvalitet, der kundane føler dei får valuta for pengane. Då må ein også betale ekstra. Kleda mine er klassiske og tidlause, då slepp ein også unna bruk- og kast mentaliteten. Ein har kleda lenge, i tillegg ligg det ei historie bak. 

Grane fortel eindel forbrukarar er imot bruk av merinoull, då dyrevernorganisasjonar har avdekka uhaldbare forhold i industrien og dårleg behanding av dyra. Ho set pris på at det blir sett søkjelys på nettopp dette. 

– Me er strenge med våre leverandørar. Me nyttar eit italiensk spinneri som me er trygge på at følgjer reglane, så er kleda strikka i Danmark og produsert i Polen av eit dansk firma. Ulla kjem opphaveleg frå Australia og New Zealand. Ullskjerfa me har er veva i Italia på same fabrikk som leverar til dei leiande europeiske motehusa.  Det er i tillegg ein fordel å kunne fortelje amerikanske kundar at plagga er laga i Europa under trygge forhold, seier Grane. 

For Grane er det også viktig at produkta ho lagar skal vera snille med naturen. 

– Ull er naturleg, og ein treng ikkje vaske det så mykje som andre materiale. Mellom anna syntetiske klede som akryl spreier plastpartiklar som forsvinn ut i naturen med vaskevatnet kvar gong dei blir vaska, forklarar ho.


Grane synte fram den nye kolleksjonen for haust og vinter 2015 for aktuelle butikkar i USA. Foto: Finn Burrows 

LES OGSÅ: Feirar støtte til norske USA-studentar

På ei skandinavisk bølge
– Er det ikkje litt hipt å vera skandinavisk i USA for tida?

– Jo, den skandinaviske trenden er veksande. Eg tenkjer at me må berre slenge oss på den bølga, seier ho og ler godt. 

– Kvifor trur du at akkurat det skandinaviske slår så an?

– Eg trur det er det enkle, reine og naturlege. Materiale som ligg nær naturen, er økologiske og miljøvenlege er veldig i tida. I tillegg blir nok Noreg og Skandinavia sett på som trygge plassar med lite kriminalitet og der ein kan drikka vatn rett frå springen. Det blir nok sett på som eit paradis for mange, fortel Grane. 

Opna før jul
Merket We Norwegians er ferskt. Grane opna nettbutikken i oktober, så opna ho butikk på Voss, der ho er busett, i november. I tillegg er produkta i sal i eit utval av butikkar på Austlandet og Vestlandet. Både idè, konsept og designen står Grane for. 

– Korleis har det gått sidan du starta?

– Det har gått veldig bra. Me opna jo før jul, slik sett var det ei god tid å starte på. Også butikkane som sel produkta for oss sel godt. Så langt er alle nøgde, fortel årdølen. 

– Kva mål har du framover?

– Grunntanken var jo å drive med nettsal. Merket vil nok bli større og eg vil utvikle det med fleire produktlinjer. I år satsar me i USA, så får me sjå om det blir Europa etterkvart, seier Grane.