Ny forsking stadfester varmare klima

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me får fleire heitebølgjer

Forskarar ved Norsk Klimaservicesenter (KSS) og Bjerknessenteret for klimaforsking har utarbeidd ein ny rapport om klimaendringar og konsekvensane dette har for temperaturane mot slutten av dette hundreåret.

Rapporten, som har brukt nye og betre metodar for å fange opp endringane, gir ei sikrare stadfesting på at vi går varmare tider i møte.

Forskarane har tatt utgangspunkt i ulike utsleppsbaner, altså utvikling når det gjeld klimatiltak og reduksjon av klimagassar. Uansett modell får vi ein temperaturauke- også her til lands. Konsekvensane kan bli dramatiske i middelhavslanda.

TA QUIZEN: Kor berekraftig er du?

Varmare dagar
– Midt på treet-modellen tilseier at sommartemperaturen i snitt for Noreg vil auke med 0,7 C i det lågaste utslippsscenarioet, mens vi truleg vil få ei gjennomsnittleg oppvarming på 2,9 C i heile landet sett under eitt dersom vi ikkje får klimatiltak.

Dei nye utrekningane, som altså er meir nøyaktige enn tidlegare modellar, viser at vi får ei stor oppvarming.

– Talet på varme dagar (dagar med gjennomsnittstemperatur på over 20 C) i Noreg vil auke mange stader mot slutten av hundreåret. Det fører blant anna til lengre vekstsesong i landbruket og til færre fyringsdagar om vinteren, fortel ein av hovudforskarane bak den nye rapporten, Stephanie Mayer, tilsett i Uni research og bunde til Bjerknessenteret og KSS.

– Det vil også føre til kortare snøsesong, legg ho til.

LES OGSÅ: Vinlandet Noreg

Lengre vekstsesong
I takt med at temperaturen stig, aukar også vekstsesongen i Noreg.

– Midt på treet- modellen viser at vi vil få ein auke på ein månad i indre strøk av Austlandet og i Nord-Noreg, mens resten av landet får meir enn to månader lengre sesong, fortel Mayer.

For utslippsscenarioet utan klimatiltak, altså med den høgste temperaturstigninga på 2,9 grader Noreg sett under eitt, vil vekstsesongen bli utvida med enda ein månad.

– Relatert til i dag gir dette ein vekstsesong som er rundt to månader lengre i indre strøk av Austlandet og Nord-Noreg, og to-tre månader lengre langs heile kysten

– I enkelte ytre kyststrøk frå Nordvestlandet til Finnmark, vil vekstsesongen kunne bli heile tre månader lengre, skriv forskarane i rapporten.

LES OGSÅ: Varmaste mai i manns minne

Opp og ned
Variasjonar i temperaturane frå år til år vil likevel skje.

– I Noreg har vi særleg store variasjonar fordi polarfronten som skil kald polarluft og varm luft frå lågare breiddegrader dansar fram og tilbake over landet vårt, forklarer Mayer og kollega Stefan Sobolowski.

For Noreg kan høgare temperaturar dermed slå positivt ut for solglade menneske og villige bønder. Men for landa rundt Middelhavet kan utviklinga bli dramatisk, med livstruande høge temperaturar og vassmangel.

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

Dramatiske heitebølgjer
Denne veka feiar ein heitebølgje over Europa. I Paris, Brussel, London og fleire andre byar viste målestokken nærmare 40 grader.

I 2003 omkom rundt 70.000 personar i Europa.

– Heitebølgjene vil komme oftare med klimaet i framtida. I middelhavslanda vil det kunne bli ei dramatisk utvikling, slår Mayer fast.

Det var Miljødirektoratet som gav KSS oppdraget med å skrive rapporten, som skal bli lansert på klimatilpasningskonferansen i Oslo 22. september. (©NPK)