Island avkriminaliserer blasfemi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avkriminaliserer blasfemi

Lovforslaget vart vedtatt etter at 43 av dei 63 medlemmene i Alltinget stemte for. Eitt medlem stemte imot, 16 var ikkje til stades og tre avstod frå å stemme.

Det var det islandske Piratpartiet som fremja lovforslaget i februar, etter angrepet mot Charlie Hebdo i januar. 12 personar vart drepne då væpna menn angreip kontora til satiremagasinet i den franske hovudstaden.

– Ytringsfridomen er ein av berebjelkane i demokratiet. Det er eit grunnleggjande poeng i eit fritt samfunn at folk kan uttrykkje seg sjølv utan å frykte straff av noko slag, uttalte Piratpartiet då lovforslaget vart fremja.

Artikkel 125 i Islands straffelov, som no er oppheva, slo fast at alle «som offentleg hånar eller vanærar læra eller tilbedinga til ei lovleg religiøs gruppe i dette landet, skal straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månader».

Den lutherske kyrkja på Island, som nær tre av fire islendarar høyrer til, støtta Piratpartiets lovforslag. (©NPK)