Nokre av politikarane er kumulerte, det er lovpålagt med ambulerande val og alt no kan du bruke stemmeretten din. Men du kan ikkje hive på ein slengjar heilt enno…

Audny Barstad, Vest-Telemark Blad
Audny Barstad, Vest-Telemark Blad

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.

1. juli starta tidlegrøystinga og ved alle kommunar er det no høve til å stemme. Du treng bare ta kontakt med kommunen for å høyre om kvar og når, og ha gyldig legitimasjon. 

Her er ein kjapp videoguide med Hilde Alice Vågslid og Olav Bjørn Bakken på korleis ein gjev si stemme.

På kommunehuset i Tokke har dei alt sett opp ein valbås.

– Ved sist kommuneval var det mange som gav si røyst før sjølve valdagen, seier ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid.

Med fire år mellom kvart kommuneval er det alltid nokon som skal til stemmeurna for fyrste gong, og ordføraren er litt skremt over kor lite unge veljerar eigentleg veit om kva det vil seie å stemme og korleis ein gjer det.

– Det er viktig å informere om kor enkelt det er å stemme, og at ein kan byrje alt no, seier ho.

LES OGSÅ: Aarebrot vil gje stemmerett til 12-åringar

Kven kan stemme?
Alle norske statsborgarar som fyller 18 år i 2015, og som er registrert busett i Noreg har stemmerett. I kommunevalet har du stemmerett i din kommune om du står i manntalet. Alle personar med stemmerett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen dei bur i, men for å kunne stemme må ein vera registrert før 30. juni i valåret. Dersom du har flytt frå ein annan kommune etter 30. juni er du framleis registrert i manntalet der du fyrst budde. For utanlandske statsborgarar må dei ha budd tre samanhengande år i Noreg, og stå i manntalet for å ha røysterett.

Lurar du på om du står i manntalet? Kommunen din har oversikt på det. Viss du mottek valkort er dette eit sikkert teikn på at du stend i manntalet og har stemmerett.

Du kan ikkje stemme på nytt på valdagen dersom du har førehandsstemt, og du kan heller ikkje førehandsstemme fleire gonger.

I år er det 20 kommunar i landet som prøvar ut stemmerett i kommunestyrevalet for 16- og 17-åringar, men ingen av desse ligg i Vest-Telemark.

LES OGSÅ: Kan 17-åringar styra ein kommune?

Når kan du stemme?
Er du ikkje heime i tida for førehandsrøysting og på valdagen kan du no ta kontakt med kommunen din for å få gje di stemme. Alt du treng er gyldig legitimasjon.

Frå 10. august startar den ordinære førehandsstemminga, som held fram til 11. september. Det er kommunen som tek imot desse stemmene også. Du kan òg førehandsstemme frå ein annan kommune enn heimkommunen din. Då pliktar kommunen å sende røysta til heimkommunen.

Måndag 14. september er sjølve valdagen, og kommunane kunngjer kvar ein finn sine vallokale og opningstider. Då må ein ha med legitimasjon og eventuelt valkort. Men du får stemme utan valkort også, men det går raskare med, særleg i større kommunar.

LES OGSÅ: Set dei yngste på topp

Kumulere, ambulere og slengje
Førebels er det ikkje høve til å gjera endringar på vallistene, for det er bare lister over partia ved kommunane enno. Det er fyrst når dei fullstendige vallistene med personnamn kjem ein kan endre på vallistene. Men dei har enno ikkje kome frå trykkeriet til alle kommunar.

Kva er eigentleg ein slengjar?

– Alle kan føre opp, med penn, eitt eller fleire namn frå ei anna partiliste enn den dei stemmer på, og slik gje den personen ei røyst ekstra. Det er ein slengjar, forklarar seniorrådgjevar i Tokke kommune, Olav Bjørn Bakken.

På toppen av vallistene er gjerne politikarane kumulerte (markerte med utheva skrift).

– Det betyr at dei har eit stemmetillegg på 25 prosent. Det skal såleis mykje til å vippe dei kumulerte kandidatane ut av kommunestyret, seier Bakken.

Ein kan også gje direkte personstemmer til dei som står på vallista ved å setje eitt kryss ved namnet. Dette aukar sjansen for at vedkomande kjem inn i kommunestyret.

Ambulerande val betyr rett og slett at innbyggjarar som er sjuke eller uføre, og har problem med å koma seg til vallokalet, kan kontakte kommunen for å få stemme heimafrå. Då kjem det nokon frå kommunen på besøk for å ta imot førehandsstemma, og det er ei lovpålagt teneste.

– Me legg også til rette for dei eldre, så det blir høve til å røyste på institusjonane på Dalen og i Høydalsmo, fortel Vågslid.

LES OGSÅ: Eldre risikerer å bli valt inn

OBS! Fylkestingval
Det er ikkje bare representantar til kommunestyret ein kan stemme på. Nye representantar til fylkestinget er og på val, og der har valdeltakinga vore lågare tidlegare år.

– Men det er svært viktig å røyste på fylkestingsvalet og. Så ta to vallister til stemmeurna, oppmodar Vågslid.

Ved sist val var deltakinga på 72,2 prosent i Tokke, og det er ordføraren nøgd med. Målet er at flest mogeleg brukar stemmeretten sin i år også.

– I år er det bare tre partilister i Tokke, og det blir spanande å sjå korleis det slår ut. Eg håpar me får ei høg valdeltaking i år og. Eg vil oppmode folk til å bruke røysteretten si, seier Vågslid.

LES OGSÅ: 16-åringar er flinkare til å stemma

Valdeltaking 2011
Det er fire år sidan det var kommune- og fylkesval sist, i 2011. Då var valdeltakinga i Telemark på 61,6 prosent, på landsbasis var deltakinga på 64,2 prosent.

Av desse hadde Telemark 17, 4 prosent førehandsrøyster, medan landsgjennomsnittet var på 22,2 prosent.

I Vest-Telemark var valdeltakinga i 2011 på 63 prosent i Seljord, 60,2 prosent i Kviteseid, 77,3 prosent i Nissedal, 70,9 prosent i Fyresdal, 72,2 prosent i Tokke og 64,2 prosent i Vinje, i fylgje Statistisk sentralbyrå.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE