– Det kjennest fantastisk

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kunne nesten ikkje blitt betre då Amalie Øyre Trones frå Odda fullførte 13 års skulegang. På vitnemålet kunne ho nemleg skilte med 22 seksarar. Det var berre i tre fag der ho fekk ein annan karakter, utan at det utgjorde så mykje forskjell. Her fekk ho nemleg femmar.

– Vitnemålet mitt er jo eit resultat av at eg har verkeleg jobba hardt med skulearbeid dei siste tre åra. Men sjølvsagt er jo kunnskapane eg har fått den høgaste verdien for meg. Eg har verkeleg vore glad i kvart einaste fag eg har hatt, alt frå samfunnsfag til kjemi, noko eg trur er ein viktig årsak til at eg har prestert så bra som eg har, seier Trones.

18-åringen føler seg privilegert som har fått vakse opp i Norge.

– Då vil eit slikt vitnemål gje meg uendeleg med moglegheitar. Det kjennest fantastisk. Til hausten vert det Medisinstudiet i Bergen. Det gler eg meg veldig til. 

Nynorskstipend
I tillegg til det flotte resultatet fekk ho i tillegg to stipend med seg på vegen. Det eine er eit realfagsstipend frå Tekna. Det andre er Opedalsprisen, som går til beste nynorskelev på Odda Vidaregåande skule, ein elev som utmerker seg med sikker rettskriving, god målkjensle og klår formuleringsevne.

– Det å få Opedalsprisen, var heilt utruleg kjekt! Nynorsk har jo alltid vore veldig viktig for meg. Men eg brukar ikkje nynorsk berre fordi det er knytt til kven eg er, men også fordi nynorsk er så viktig for norsk kultur og tradisjon. Når verda stadig vert meir og meir globalisert, vert det endå viktigare, men også vanskelegare, å ta vare på nynorsken, seier Trones, som i januar var medå  skipa Sørfjorden Målungdom.