– Vi må kunne sjå barnebarna i auga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet var først hos Utdanningsnytt

– Det at tidene skifter, er punkt ein for den som vil forstå samfunnet for å kunne arbeide for eit betresamfunn. Det blir tatt avgjerder i dag som får følgjer for barnebarna våre, og da er spørsmålet omvi steller oss slik at vi kan sjå dei i auga med godt samvit, seier forfattaren EdVard Hoem, hovudforedragshaldar på årets tvilskonferanse, Tvil 2015. 

Hoem vedgår at han ikkje veit svært mykje om kva tvilskonferansen er – men han er nysgjerrig på opplegget.

– Eg går ut frå at eg blir invitert fordi arrangørane vil ha synspunkt frå andre enn sine eigne. Det er viktig å stille spørsmål ved det som synest opplagt. Særleg skråsikkerheit blir mindre og mindre nyttig. Samstundes er det slik at ved å seie noko i ei slik forsamling, er det openbert at ein kan komme til å trakke inn i minefelt av ulike oppfatningar og motstridande interesser. Da meiner eg at eg som frittståande intellektuell, om eg kan kalle meg det, har den fordelen at eg ikkje er forplikta av for eksempel partistandpunkt eller næringsinteresser, seier Hoem, som vel å tru at tvilskonferansen er eit forum for fri meiningsutveksling der konklusjonane ikkje er fastlagde på førehand.

LES OGSÅ: Fleire går ut av grunnskulen med dårleg mattekarakter

Limet
Hoem er opptatt av kva som er limet i det moderne samfunnet, der mest alt ser heilt annleis ut enn kva det gjorde da han sjølv var barn (han er født i 1949). Han hadde ei ordveksling per e-post om det ein gong, der avsendaren spurte «kva skal vi da yggje på», når kristendommen ikkje lenger er den felles referansen i folks liv som han var tidlegare, når nasjonalomgrepet ikkje er det same som før, og så vidare. 


– Eg svara han at når eg for eksempel møter ein drosjesjåfør på min eigen alder, han kan komme frå Pakistan eller Nord-Afrika,  og vi kjem i snakk, så er det ein ting vi er einige om: Vi vil ha det fredeleg og bra, slik at barnebarna våre kan få ein trygg og harmonisk oppvekst. Der er vi heilt på linje, i eit biologisk artsfellesskap! Det er limet, svara eg. Det er mitt hovudperspektiv.

LES OGSÅ: Èin av tre har høgare utdanning

– Langsiktig tenking må til
Han var tidlegare i år gjest hos Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS), i kraft av si rolle som forfattar og ikkje fordi han er  utmarksspesialist (noko han ikkje er). USS er eit fellesskap av 85 kommunar.


– USS går inn for fri snøskuterferdsel i utmark, noko eg ikkje gjer. Eg sa kva eg meinte om slik fri ferdsel, men samstundes, i slike situasjonar, får eg også nye motførestillingar. I ei slik forsamling er det faktisk nokre som meiner fri snøskuterferdsel er avgjerande for dei av turismegrunnar eller av andre næringsmessige årsaker. Naturvernarane og parti som SV og andre går sterkt imot USS i slike saker. 


Fordi avstanden mellom dei tilsynelatande er uoverstigeleg, får vi ifølgje, Hoem ein stillingskrig som endrar seg i takt med skiftande politiske konjunkturar.

Hoem meiner mange tilsynelatande motsetningar ikkje er reelle motsetningar. 
– Det er tale om motsetningar som naturvernarar, friluftsfolk og utmarkskommunar må sjå til å overvinne, fordi dei til sjuande og sist har dei same interessene. Vi skal ta vare på naturen, men sjølvsagt skal barnebarna våre kunne drive næring sjølv om dei bur i ein utkant.

Hoem kritiserer nettopp naturvernarane og parti som SV for at dei stundom ser ut til å stille seg nærast likegyldige til at folk skal ha noko å leve av; klimatenkinga står fram som så altoverskyggande at dei nærast ignorerer at folk må ha noko å brødfø seg med.
– Men kva kan da vere gode løysingar?
– Vi må mange gonger søke oss mot politiske løysingar som ikkje er ideelle, men som er til å leve med. Vi må også forstå at den som vil oppnå noko når det gjeld endringar i samfunnet, må finne seg i at ting tar tid, og at vi må kompromisse. Dessverre kan det sjå ut til at vi har mista evna til langsiktig tenking, og da blir det veldig øydeleggande når tilfeldige politiske fleirtal får rå, for da vil både friluftsfolket og utmarksfolket tape på sikt, meiner han.

Elevar som overraska
Om skulens evne til å stimulere til endring, vel Hoem å uttale seg forsiktig. Dei siste ti åra har han ikkje besøkt så mange skular. I  2005 og 2006 var han likevel rundt på mange vidaregåande skular i Oslo for å snakke om bøkene sine.
– Eg minnes elevane eg møtte som stort sett forbausande opne og frie, men med enorme forskjellar mellom elevane for eksempel på skulane Persbråten og Holtet. På Persbråten møtte eg dei litt bråkjekke russegymnasiastane som sa: «Hei, Edvard, har du skrevet nokre gode bøker i det siste?» Mens jentene på Holtet sat med hijaben på og såg ned i pulten. Han snakka om boka «Frøken Dreyers musikkskole».
– ‘Fullstendig bortkasta’, tenkte eg da, ‘eg får jo ikkje kontakt med dei i det heile tatt’. Så sende læraren meg referata dei hadde laga etter samtalen. Dei hadde fått med seg alt saman, jentene på Holtet.

LES OGSÅ: Ho er heilt sjef