LEGO vil droppa plasten
Selskapet investerer ein milliard danske kroner i å gjera dei populære brikkene berekraftige.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv LEGO i ei pressemelding. Ein milliard danske kroner blir sprøyta inn i det nystarta LEGO Sustainable Materials Centre, som etter planen skal tilsetta 100 personar som skal finna eit alternativt materiale å laga lego-brikker av i framtida. Innan 2030 er målet at lego-brikkene skal bli laga av eit fornybart materiale.
LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly
– Dette er eit stort steg på vegen mot 2030-målet om fornybare material, seier LEGO-presidenten Jørgen Vig Knudstorp.
– Me har allereie tatt viktige steg for å redusera karbonavtrykket vårt og å ha ein positivt effekt på planeten, legg Knudstorp til i pressemeldinga, og peikar på mindre og FSC-godkjend innpakning, og investering i ein vindmøllepark offshore. At LEGO gjekk over til mindre innpakning i fjor reduserte papirforbruket med 14 prosent.
Senteret blir etablert i løpet av året og neste år, og bygger vidare på eit ønskje som først vart ytra av LEGO i 2012, om å laga brikkene sine av eit meir berekraftig materiale enn plastikk.
I fjor vart det produsert over 60 milliardar lego-brikker.
LES OGSÅ: Blir Fifty Shades meir sexy med lego?