No kjem Gamlislarm
Musikkfestivalen Bygdalarm som går av stabelen i Øystese 2.– 4. juli utvidar no festivalen med eit eige festivaltilbod for pensjonistar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kva hadde vel Bygdalarm vore utan hesjinga til pensjonistane? spør arrangørane og minner om at pensjonistar i bygda kvart år stiller opp som frivillige og hjelper til med å byggja opp eit hesjegjerde rundt festivalområdet.
LES OGSÅ: Thea sitt år
Thea Hjelmeland til pensjonistane
No takkar festivalen med å tilby både hesjelaget og andre pensjonistar eit eige musikalsk tilbod.
– Søndag 5. juli blir det konsert i kunsthuset Kabuso for målgruppa 70+ med songaren og musikaren Thea Hjelmeland, fortel Gamlisalarm-ansvarleg Connie Langeland til Nynorsk pressekontor.
Hjelmeland har markert seg både nasjonalt og internasjonalt og vann i år både Spellemannsprisen i kategorien Indie-pop og Vossajazzprisen frå Hordaland fylkeskommune.
Langeland fortel at konserten er eit forsøk for å utvida konseptet Bygdalarm til dei litt eldre og at det blir sett opp transport frå alle kantar av kommunen. (©NPK)