Ikkje nøgd med #minregjering
Natur og Ungdom var mellom dei som kasta seg på klagebølgja då Erna Solberg lanserte rapporten #minregjering i går.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kort tid etter at regjeringa i går lanserte statusrapporten #minregjering, som skulle syna regjeringa si handlekraft i løpet av sine to første år var kampanjen kuppa på sosiale medier.
Et regnskap vi er stolt av https://t.co/gTRj9LZBvb #minregjering
— Erna Solberg (@erna_solberg) 24. juni 2015
LES OGSÅ: Sundtoft får iskanten i retur
Misnøye med miljø og klima
Ei lang rekke personar nytta kampanjen til å vise si misnøye med mellom anna med regjeringa sin sosiale profil, utanrikspolitikk og miljøpolitikk.
Synes ikke godkjenning av gruveslam i Førdefjorden er noe å skryte av, @Regjeringen .Gammeldags politikk. #minregjering
— Tina Andersen V (@tinavagenes) 24. juni 2015
Regjeringa meiner å ha vedteke ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk med målet om at Noreg skal kutte utsleppa med 40 prosent innan 2030.
Dei peikar vidare på mellom anna satsing på jernbane, lokal forvaltning av motorisert ferdsel med snøscooter i utmark, brobyggjarrolle i dei internasjonale klimaforhandlingane og 35 milliardar til forsking på klima, miljø og miljøvenleg energi.
Under kapittelet om klima og miljø kjem avsnittet om olje og energi.
Natur og Ungdom meiner at dette slett ikkje er noko å vere stolt over og at rapporten gjev eit feilaktig bilete av regjeringa sin politikk.
– Når regjeringa skryt av både olje- og klimapolitikken dei har ført dei siste to åra blir det berre latterleg. Å dela ut dei første nye områda nord på norsk sokkel på 20 år er ingenting å vere stolt av – oljeboring i Barentshavet er uansvarleg. Når regjeringa har ei storstilt opning av nye oljeområde er det heilt utruleg at dei meiner klimapolitikken er forsvarleg, seier sentralstyremedlem Tina Andersen Vågenes i ei pressemelding.
Ho meiner regjeringa har ført ein lite ansvarleg miljø- og klimapolitikk og peikar i tillegg til dei nye oljeblokkane på godkjenninga av dumping av gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjorden.
LES OGSÅ: Tapte omkamp om Førdefjorden
Kampanjekritikk
I tillegg til politisk refs får regjeringa mange syrlege merknadar retta mot Twitter-kampanjen.
Kommunikasjonsrådgjevar Hans-Petter Nygård-Hansen er blant dei som ikkje er imponert over regjeringa sitt sosiale medier-stunt.
– Det fungerer ikkje å be om skryt. Det må koma utan oppmoding. Dessutan er det vanskeleg å få til når majoriteten av befolkninga ikkje hadde stemt på dei partia som sit i regjering, seier Nygård-Hansen til NTB.
Og han er ikkje åleine om kritikken.
#minregjering slit med sosiale medier.
— Stine Mari N Leirdal (@stinemarinl) 24. juni 2015
#minregjering som med ujamne mellom gir oss nye påhitt eg kan humre over. Ha ein #FinDag
— Morten Øen (@MortenOSlash) 25. juni 2015
#minregjering er ikkje på jobb for tida. Det er mest truleg din feil. Håpar du er ein del av 5%'en, så det var verdt det..
— Freddy S Brakestad (@frebrake) 24. juni 2015