Ei oversikt syner at tre av fire kommunar som tek i mot flyktningar bruker meir pengar på flyktningane enn dei får i statlege tilskot, skriv Klassekampen. Men i Flora kommune går flyktningrekneskapen i pluss.

(NPK):
(NPK):

Kommunane får tilskot frå staten for kvar flyktning i fem år, og desse pengane skal dekkja busetting og integrering av flyktningane i samfunnet. For mange kommunar går ikkje rekneskapen opp, syner ei oversikt frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

LES OGSÅ: Fleire kommunar vil ta imot flyktningar

I Flora kommune i Sogn og Fjordane har dei løyst utfordringa på anna vis og går faktisk i pluss på å ta imot og integrera flyktningar.

Kommunen organiserer alle tiltak retta mot flyktningar i eit eige kommunalt føretak. Alle tilskota frå staten går inn i dette føretaket, som fordeler pengar til norskopplæring, barnehage og andre integreringstiltak. Når pengane er fordelte, sit kommunen igjen med eit stort overskot.

Etter at tilskotet i fjor var fordelt, kunne det kommunale flyktningføretaket fordela 5,7 millionar kroner til andre føremål, skriv Klassekampen. (©NPK)

Innlegg: Å visa hjarterom

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE