Russen samla ein million til Japan

Russen på Lundeneset Vidaregåande samla inn ein million til Japan.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russ samla inn million

Saka var først hos Grannar

Dei innsamla pengane går til misjonsarbeid i Japan. I tillegg fekk skulen ein sjekk på 60.000 kroner, øyremerket miljøtiltak ved den kristne internatskulen i Ølensvåg. Totalbeløpet på 1.060.000 kroner, er ny rekord for Lundeneset-russen.

LES OGSÅ: Eit løp for Kenya

— Eg er stolt over kva me har fått til. Folk har stått på og jobba, både kvar for seg og i lag. Me har opplevd godt samhald dette skuleåret. Dessutan synest eg det er kult at russ kan vera med og gjera noko nyttig. Me har samla inn mykje pengar som går til ei god sak, seier avtroppande russepresident Torstein Stuhaug frå Sandeid.

Pengane russen har samla inn går til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Japan, og skal nyttast til utdanning, kyrkjelydsarbeid, barne- og ungdomsarbeid, og radio- og medieevangelisering.

— I løpet av året har me arrangert mykje, men misjonsløp og basar har vore dei største inntektskjeldene, avsluttar prosjektsjef i russen, Anne Viste.

LES OGSÅ: Samla inn 20.000 til barneheim i Liberia