Vil hindra skattesnusk i fattige land

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stramar inn for skatteparadis

Land-for-land-rapporteringslova vart vedteken i Noreg mellom anna for å hindra korrupsjon og kapitalflukt frå fattige land.

Organisasjonane Tax Justice Network Norge, Publish What You Pay Norge, Kirkens Nødhjelp og Changemaker har sidan innføringa peika på fleire store smotthol i regelverket og kjempa for å utvide lova til å femne om fleire sektorar og skatteparadis.

I går kunne organisasjonane jubla for ein delvis siger.

LES OGSÅ: Krev openheit i skatteparadis 

– Eit viktig skritt for openheit
Fredag gjekk nemleg eit samla Storting inn for å utvide forskrifta om land-for-land-rapportering, slik at selskap må rapportere frå skatteparadis.

Dagleg leiar i organisasjonen Tax Justice Network, Sigrid Klæboe Jacobsen, jublar over vedtaket.

– Heilt sida land-for-land-rapportering vart vedteken i Noreg i 2013, har det at skatteparadis var unntatt frå rapporteringa vore det mest grelle holet i regelverket.

Generalsekretær i Publish What You Pay Norge (PWYP), Mona Thowsen, var òg mellom dei som applauderte vedtaket.

– Dette er ikkje berre eit viktig skritt for openheit, det er et viktig skritt for demokratiet. Dette nye vedtaket betyr at eit samla Storting har sagt at dei vil tette eitt av tre hol i utvida land-for land-rapportering. Me forventar at dei to siste hola blir tetta, seier Thowsen i ei pressemelding frå Changemaker.

LES OGSÅ: Rapport: Norske selskap slepp unna i skatteparadis 

Store summar svinn
Ifølgje organisasjonen Christian Aid forsvinn årleg kring 160 milliardar dollar frå utviklingsland som følgje av ulovlege skatteunndraging i såkalla skatteparadis.

– For oss som jobbar med utvikling er det frustrerande å sjå at enorme pengesummer fløymer ut av fattige land til skatteparadis. Difor er vedtaket i Stortinget i dag så viktig. Det er berre å gratulere dei involverte partia for godt politisk handverk, sa Wenche Fone, leiar i utviklingspolitisk avdeling i Kirkens Nødhjelp då vedtaket vart gjort

Framlegget med støtte frå SV, Arbeidarpartiet og Senterpartiet fekk ikkje fleirtal under behandlinga av revidert nasjonalbudsjett måndag. Men i går vart regjeringspartia einige om ei utviding av lova.

LES OGSÅ: Vil avdekkje skjulte eigarar 

Europeisk førebilete
Dette vedtaket følgjer i fotspora til Europaparlamentet , som nyleg tok nye grep for å hindra global skattesvindel gjennom ei land-for-land rapportering som skal gjelda alle sektorar og skatteparadis.

– Det er bra at Noreg òg viser vilje til å betra lova no som EU har gått så langt, og inkludering av rapportering frå skatteparadis er eit steg i riktig retning for å hindra skatteflukt frå fattige land, konkluderer Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl i pressemeldinga.