Rekordoppslutning for Miljøpartiet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talsperson og einaste stortingsrepresentant for MDG Rasmus Hansson gler seg over rekordresultatet.

– Dette er svært gode tal som syner at potensialet vårt er stort. Det er sjølvsagt motiverande ved inngangen til valkampen, seier Hansson i ei pressemelding på partiets nettsider.

Målinga er gjort av Opinion for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

LES OGSÅ: MDG seksdobla på fire år

Grøn mobilisering i kommunane
Haustens kommuneval ser med dette ut til å verte eit grønare val enn tidlegare år. MDG stiller med lister i heile 204 kommunar, noko som er nesten ei firedobling sidan valet i 2011.

Med lister i alle bydelar i Oslo og på Svalbard vert det i alt 238 MDG-lister ved kommunevalet 14. september.

– No ser me resultatet av at me har fleire hundre grøne kandidatar som mobiliserer over heile landet. Me gler oss til valkampen, seier Hansson.

I dag har Dei Grøne 31 representantar og målsettinga for det komande valet er langt høgare.

– De Grøne sitt mål i valet til hausten er å kome inn i fleire hundre kommunestyre og løfta fram masse god, grøn politikk. Det betyr prioritering av sykkel, gang- og kollektivtrafikk, fleire grøne lunger i byane, å ta vare på naturen og bygging av trygge og livskraftige lokalsamfunn, lovar Hansson.

LES OGSÅ: Miljøpartiet kan bli større enn SV