Palmeoljeversting stoppar all avskoging

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Versting stoppar all avskoging

Indonesia har dei tredje største klimagassutsleppa i verda. Kring 80 prosent av utsleppa kjem frå avskoging.

Medan Brasil har klart å redusera avskoginga av regnskogen til berre ein fjerdedel sidan 2000, har landet med den nest største regnskogen i verda, Indonesia, gått stikk motsett veg. Her har utsleppa frå skogbruk og endringar i arealbruk auka med nær 50 prosent frå 2000 til 2011.

– Brasil har hatt ein massiv nedgang i avskoginga, medan avskoginga framleis er vanvitig stor i Indonesia, seier dagleg leiar i Regnskogfondet, Lars Løvold (bildet) til Framtida.no.

LES OGSÅ: Indonesia kritiserer Oscar-kandidat

Noreg bidrar
Gjennom ein avtale med Indonesia har Noreg lova å bidra med seks milliardar kroner dersom Indonesia kan visa at avskoginga går ned.

Ifølgje Løvold er det mange positive signal frå styresmaktene i Indonesia, trass sterk motstand frå palmeoljeselskap.

– Det er ekstremt viktig at det blir tatt grep i Indonesia som fører til reduksjon i avskoginga, seier Løvold.

LES OGSÅ: Overvaker regnskogen på Facebook

Internasjonal kampanje
I midten av mai lanserte Regnskogfondet, organisasjonane Forest Heroes og SumOfUs og to av Regnskogfondets indonesiske partnarar, ein internasjonal kampanje for å få Astra Agro Lestari til å stoppa dei massive øydeleggingane av regnskogen i Indonesia som selskapet er ansvarleg for. Kampanjen rettar seg mot både den kjende luksushotellkjeda Mandarin Hotels, som har same eigar som Astra Agro Lestari, og det norske Oljefondet som investerer over fire milliardar kroner i selskap knyta til Astra.

Det kontroversielle selskapet har lenge kjempa aktivt mot tiltak for å redusera avskoginga i Indonesia, blant anna gjennom bransjeorganisasjonen til indonesiske palmeoljeselskap, der Astra har vore leiande. Under éin månad etter kampanjestart har Astra no snudd. 

– Det er fantastisk at Astra no lyttar til internasjonalt press og stoppar øydelegginga av regnskogen. Dette er eit særs viktig steg vidare i arbeidet for redde regnskogen i Indonesia, seier Lars Løvold.

Gladnyhendet kjem berre to månader etter at ein rapport frå World Resources Institute viser at avskoginga i Indonesia er på veg ned.

Sjå dronevideo frå avskoginga i Indonesia:

Oljefondet pressar på
Astra annonserte sjølv nyhendet på nettsidene sine, der selskapet slår fast at dei umiddelbart stoppar all hogst av regnskogen, og at selskapet no skal laga ein politikk der dei ikkje skal hogga regnskog i framtida.

Oljefondet har dei siste åra selt seg ut av fleire palmeoljeselskap av miljøomsyn. Likevel har Regnskogfondet kunna avsløra at fondet enno eig aksjar til ein verdi av 4,1 milliardar kroner i selskapa som eig Astra Agro Lestari. Òg norske KLP og DNB har aksjar som kan knytast til verksemda til Astra.

Regnskogfondet har lenge arbeidd for at Oljefondet i større grad brukar sitt aktive eigarskap til å leggja press på selskap som står bak massive regnskogøydeleggingar og menneskerettsbrot. Tidlegare i år lanserte Oljefondet eit ambisiøst strategidokument på dette området. Frå no av forventar fondet at selskapa det investerer i ikkje skal bidra til regnskogøydelegging i operasjonane sine og leverandørkjeder.

– Me forventar no at Oljefondet utøver aktivt eigarskap og bidrar til at Astra lagar ein tilstrekkeleg omfattande og detaljert strategi for å unngå avskoging, seier Lars Løvold.