Helsesøstrene meiner pengane ikkje kjem fram
Landsgruppa av helsesøstrer vil at pengane til skulehelsetenestaskal øyremerkast og får støtte av Arbeidarpartiet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pengar som skulle gå til skulehelsetenesta, blir i mange kommunar brukt til andre ting, meiner Landsgruppa av helsesøstrer.
LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse
157 fleire årsverk
Det har blitt fleire helsesøstrer her i landet etter at regjeringa sett av meir pengar til skulehelsetenesta. I fjor vart det 157 fleire årsverk, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Men det er likevel godt under kva ein skulle forvente, ifølgje Kristin Sofie Waldum-Grevbo, leiar i Landsgruppa av helsesøstrer. Løyvinga på 180 millionar kroner skulle gi 280 ferske årsverk.
– Vi ser at det er ein auke i stillingar, det skulle vel berre mangle. Men det betyr likevel at ein ganske stor del av pengane ikkje kjem fram, seier Waldum-Grevbo. (©NPK)
LES OGSÅ: Halvparten gjekk til helsesøster