Korleis kan lokalvalet bli eit klimaval?
Me vil høyra meininga di!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tenk globalt – handla lokalt
Du har høyrt om det i lang tid. Klimaet endrar seg, og me må gjera noko for å unngå dei store alvorlege konsekvensane av at jorda blir varmare. Kva har dette med meg å gjera? Og kva kan eg gjera? tenkjer du kanskje…
Eit av problema med klimajournalistikken i dag er at den i stor grad fokuserer på forsking, organisasjonar og internasjonal politikk, og difor i større grad vert ei sak for spesialistane og elitane. I tillegg skjer klimaendringane over lang tid og kan opplevast fjerne. Då er det ekstra viktig at avisene ikkje berre påpeikar problemet, men også er med på å finna løysingar.
I møte med desse spørsmåla bør alle ha ei røyst. Difor treng me også dine innspel, tips og debattinnlegg om kva løysingar som kan finnast i det grøne skiftet.
Fleire kommunar slutta seg til handlingsplanen Lokal Agenda 21 på 90-talet, og klima og berekraft blei sett på dagsordenen også lokalt. I dag, over tjue år etter, får klimaspørsmål mindre merksemd i lokalpressa, kommunestyre og fylkesting – samstundes som klimaendringane byrjar å visa seg for alvor.
Samtidig er det mange lokalsamfunn på Vestlandet som er veldig avhengige av oljeindustrien. Spørsmålet om kva me skal leva av etter oljealderen pressar seg stadig nærmare.
Fram mot lokalvalet i september vil me difor skriva ekstra mykje om klima og det grøne skiftet. Me kallar prosjektet vårt «glokalt klimaval», og me vil strekkja oss mot å knyta saman lokale og globale spørsmål, inspirert av slagordet frå Rio-konferansen i 1992: «Tenk globalt – handla lokalt».
Me opnar satsinga med å gi deg perspektiv frå ung og gamal. Denne veka kan du dermed lese kva barn i barnehagen og eldre på aldersheimen meiner om klimaendringane her på Framtida.no.