– Det er så stor rikdom når folk er frie til å gjera det dei vil

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så stor rikdom når folk er frie

VIL VAKA kallar dei kunstprosjektet.

– Det er ein arena for kunst og musikk av folk som held seg litt i bakgrunnen men som like fult har noko på hjarta. Det er ein invitasjon til å bruka det kreative i seg sjølv, seier initiativtakar Cecilie Anna Rønhovde. Med seg har ho fotograf Roald Sundal, bildekunstnar Yngve Bukkøy og Bodil Vik på laget.

Fredag blir det offisiell opning på Galleri Losjen på Fitjar med fotokunstutstilling ved Roald Sundal og eit par songar ved Miniforetaket. Laurdag opnar utstillinga på Torsdagsøy, ytst i Fitjarøyane med utstilling med Yngve Bukkøy.

Etterbehandla av vêr og vind
Roald Sundal kjem frå Tysnes, men bur no i Dåfjorden i Fitjar kommune. Han stiller ut eigne foto. Men etterbehandlinga er ikkje gjort på vanleg måte i Photoshop, slik mange fotografar bruker å gjera:

– Det er naturbilde som er etterhandla i vêr og vind, seier Roald Sundal.

Roald Sundal la papirkopiane av fotografia på bakken utfor huset og lét vêr, vind og småkryp stå for etterbehandlinga av bileta. Nokre av bilda har han jamvel lagt i eit hjortebad i skogen.

– Bilda har fått eit uttrykk som det er veldig vanskeleg å få til på ein annan måte, seier Sundal.

LES OGSÅ:Kunst på naturens premissar

Bryt eigne grenser
Fotoprosjektet byrja med ei bok som han hadde spurt Cecilie Anna Rønhovde om å laga tekst til. Og så balla det på seg.

– Skogsbilda til Roald er nydelege i utgangspunktet, men har fått eit anna uttrykk med etterbehandlinga, seier ho.

– Det er ikkje ei utstilling med landskapsfoto, det er ei utstilling som handlar om å bryta eigne grenser, seier han.

I det daglege arbeider Roald Sundal i Wärtsilä på Stord. Han byrja å fotografera då han var 22 år og sidan har foto vore ein lidenskap. Under «Les Recontres de la Photographie», i Arles i Frankrike blei han tatt opp som medlem i fotobyrået Millennium Images. Gjennom dette byrået har han mellom anna hatt ein sju-siders reportasje med foto presentert i det anerkjente britiske foto-tidsskriftet Black and White Photography. Han har òg hatt foto på trykk i det tyske magasinet Der Spiegel.

Roald Sundal og Cecilie Anna Rønhovde håpar at kunstprosjektet deira vil inspirera andre til å bruka dei skapande sidene av seg sjølv. Foto: Svein Olav Langåker

Sjølv vil han ikkje vera med på å kalla seg kunstnar. – Då må ein ha kunstutdanning, seier han bestemt.

– Det må du. Men du kan ikkje bestemma at det du lagar ikkje er kunst. Det er det andre som avgjer. Folk har alltid hatt eit behov for å skapa noko. Sjølv om ein ikkje har hatt som mål å laga kunst, så er det kjekt om nokon kan oppleva det som kunst, understrekar Cecilie Anna Rønhovde.

Sjølv driv ho med musikk og lagar stadig nye songar for seg sjølv og bandet Familieforetaket med Endre Olsen, Vidar Vedå, Knut Heggdal og Lars Birkenes. Søndag speler dei to konsertar på Galleri Losjen.

– Eg opplever at folk er veldig rause for det som er nytt og for dei som prøver å skapa noko, seier ho og legg til at det er ei treningssak å snakka om det ein skaper, seier ho.

– Å skriva om fotografi må øvast på. Det er difor eg skriv på ein fotobloggsaman med Olav Bjørkum og Frank Biringer, seier Roald Sundal.

– Me lever av å dela ting med andre. Til dømes ting som er vanskelege blir betre av dela med andre, held Cecilie Anna Rønhovde fram.

LES OGSÅ:Folk blir rausare av kultur

Ringar i vatnet
Tanken bak VIL VAKA er at det skaper ringar i vatnet når noko kjem opp.

– Eg veit at det er mange som vegrar seg for å gjera ting dei har lyst til, anten det er kunst eller berre det å syngja i kor. Eg håpar me kan inspirera andre til å skapa. Det er så stor rikdom når folk føler seg frie til å gjera det dei vil, seier Cecilie Anna Rønhovde som mellom anna er dirigent for mannskoret Havdur.

– Det handlar om å klatra i tre. Mange sluttar med det, men det er heilt fantastisk. Du blir løfta ut den vanlege settinga og får eit nytt perspektiv på ting, seier ho.

LES OGSÅ:Vil ha folk på kunstutstilling kvar dag

Litt det same er det med å ha utstillinga med bildekunstnar Yngve Bukkøy på Torsdagsøy, meiner ho. – Her heilt ytst i Fitjarøyane kjem ein seg ut av kvardagen.

Bodil Vik eig Torsdagsøy saman med mannen sin, og ønskte å ha folk ut der, fortel Rønhovde.

Frå laurdag og ut helga etter blir bilda til Yngve Bukkøy blir å sjå på Torsdagsøy. I løpet av åra har han nytta seg av talrike stilartar; frå grafikk til keramikk, oljemaling og akvarell. Stilen er ofte draumeaktig med inntrykk frå ei surrealistisk verd. Bukkøy er både snikkar og har deltatt tidlegare på utstilling i Lerwick på Shetland og i Fengselet i Leirvik på Stord.  Dessutan har han vist fram kunst ved Silkeborg grafiske verkstad i Danmark og ved ei privat utstilling på Fitjar.

Fotoutstillinga i Losjehuset varer også til søndag 28. juni.
 

Yngve Bukkøy i snikkar- boda på Torsdagsøy. Foto: Roald Sundal

Under:
Roald Sundal har etterbehandla fotografia sine i naturen. Her har han lagt nokre papirkopiar i eit hjortebad ute i skogen. Foto: Roald Sundal