Ny søketeneste avslører at bruken av uttrykket «i forhold til» er på veg vekk frå Stortingets talarstol. Men bruken av «utfordring» erstattar bruken av «problem».

mm
Faktaboks

Holder de ord har samla inn alle referata frå Stortinget sidan hausten 1998 og fram til no.

Her kan du søkja i referata!

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei siste åra har overdriven bruk av uttrykket «i forhold til» fått mykje tyn, med god grunn, ifølgje Språkrådet.

LES OGSÅ: Eksplosjon i forhold til fokus

Men ei ny søketeneste frå Holder de ord viser at bruken har gått ned frå over 2700 gonger i 2002, til under 500 i 2014.

I 2012 blei «i forhold til» brukt i nesten kvar femte innlegg på Stortinget. Som grafen viser har det vore ein stor nedgang sidan då:

– Er ikkje det positivt då? seier direktør i Språkrådet Roy Kristiansen til Framtida.no.

– Har feil bruk av «i forhold til» vore ei utfordring for Språkrådet og språket vårt?

– Utfordring og utfordring… me har jo påpeikt korleis uttrykket skal brukast korrekt. No har jo dette også fått mykje merksemd i media, så det har nok også gjeve ein effekt.

– Har det vore eit problem?

– Ein bør jo snakka og skriva korrekt. Men noko kjempeproblem har det vel ikkje vore.

– Kva tenkjer du om at bruken av ordet «problem» går ned, medan bruken av «utfordring» tar seg opp?

– No er det ein generell tendens, i alle fall i forvaltninga, at ein bruker «utfordring» oftare. Det er vel ein tendens i tida også. Men det er ikkje gale å seia «utfordring».

Førsteamanuensis i antropologi ved Universitetet i Oslo, Thorgeir Kolshus, meiner det er eit demokratisk problem at ein sluttar å bruka ordet problem om det som kan seiast å vera problem. Kva meiner du om det?

– Den diskusjonen har me ikkje tatt. Men det kan godt vera at me skal det, avsluttar direktøren i Språkrådet.

Sjå korleis du skal bruka «i forhold til» korrekt!

KrF på topp
Kristeleg Folkeparti er det partiet på Stortinget som har brukt «i forhold til» oftast per innlegg, med Miljøpartiet Dei Grøne på botn.

I absolutte tal, er det Kristin Halvorsen som har brukt «i forhold til» flest gonger, frå 1998 til ho gjekk ut av Stortinget i 2013. Men Erna Solberg har god sjanse til å ta ho igjen:

LES OGSÅ: Strakstiltak i forhold til tåkespråk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE